Han når ut breitt med faget sitt: I ein podkastserie om filosofi har professor Ole Martin Moen og NRK nådd rundt 100.000 lyttarar per episode. Moen skriv også bøker og har undervising, kurs, foredrag og medieintervju.
Ifølgje juryen, tar han opp «temaer som ofte har vært forbeholdt akademia, og gjør dem relevante og tilgjengelige for allmennheten og for dem som møter dem i yrkeshverdagen.»
– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du då du fekk beskjeden?
– Eg blei veldig glad! Men det er klart, at sidan eg fekk vite om denne prisen ein månad før det kunne seiast offentleg, måtte trongen min til å formidle, staggast litt. Eg innrømmer at eg sa det til sambuaren min.
– Fortel om forskinga di!
– Eg er driven av nysgjerrigheit. Derfor kan det handle om litt forskjellig. Men mykje kjem av at eg meiner at vi bør mistenke at vi tar grunnleggande feil om mange ting i verda. Slik har det vore i alle tidlegare epokar, og slik er det nok i dag, òg. Ein del av jobben min er å pirke borti dette.
– Korleis formidlar du?
– Det handlar ofte ikkje om fakta og empiri, men heller om filosofi som eit verktøy til å tenkje og rydde med. Eit trekk ved formidlinga mi, er at eg prøver å praktisere det eg kallar «ujålete filosofi». Eg vil seie ting med enkle og upretensiøse ord og snakkar nok ganske likt, uansett kven eg snakkar med. Verda er vanskeleg nok, sjølv med enkle ord!
– Kvifor bruker du tid på formidling?
– Det er jo eitt av samfunnsoppdraga. Dessutan liker eg det, og eg lærer mykje av det. Det kan også føre til ny forsking: I ein podkastserie som vi kalla «Ole Martin og Einar leser Bibelen», diskuterte Agder-kollega Einar Bøhn og eg oss gjennom heile Bibelen. Vi fekk mange lyttarar, og ideane arbeidet ga oss, enda med ei vitskapleg artikkel i Journal for the Study of the Old Testament, altså utanfor vårt eige fagfelt, filosofien.
– Kva har formidlinga lært deg?
– I Bibel-podkasten lærte eg ting som vart til forsking seinare, men eg lærte også om korleis formidling kan byggje bru og skape tillit på tvers av det som nokon gonger kan vere skiljelinjer. Eg var litt overraska over at den podkasten vart mest populær blant kristne lyttarar, når ingen av oss som stod bak han, var religiøse. Kanskje handla det om at vi uttrykte undring og usikkerheit. Å ta andre med inn i eigen tvil er ofte vanskeleg å få til i nyheitsjournalistikken.
– Kva er du mest stolt av?
– I 2019 ga eg ut ei bok saman med Aksel Braanen Sterri, der vi tok til orde for å tillate aktiv dødshjelp. Men vi brukte mesteparten av plassen på å presentere motargument og svare på dei. Då Danmarks etiske råd vurderte aktiv dødshjelp i 2023, konkluderte dei med at det ikkje burde tillatast, og dei viste til vår presentasjonen av motargument for å grunngje synet sitt. Det fortalde meg at vi måtte ha gitt ei sterk framstilling av synet vi sjølve ikkje er samde i, og det gjer meg stolt.
– Kva er ditt råd til andre som vil formidle?
– To ting: Det eine er å ikkje uttale seg jålete. Stopp heller opp og spør deg: Viss eg skulle forklare dette til ein tenåring, kva ville eg sagt var kjernen? Det andre eg tenkjer på, er ikkje å avgrense det du kan formidle om, til ditt eige smale spesialfelt. Formidle faget ditt i breiare forstand, og tenkjemåtane faget ditt har å brakt til torgs.
