Begge årets prisvinnarar har ifølgje juryen gjort framifrå arbeid som betyr mykje for felta dei jobbar i.
Wilfried Admiraal får prisen for «fremragende forskning innen utdanningsvitenskap», medan Kristin Bergaust får forskingsprisen for «sitt banebrytende kunstneriske utviklingsarbeid».
Wilfried Admiraal forskar på samfunnsutfordringar knytt til lærarmangel, lærartrivsel, inkluderande utdanning og digital transformasjon. Forskinga hans har ifølgje juryen betydd mykje for utviklinga av utdanningspolitikk og praksis. Juryen vektlegg også bidraget hans til å utvikle fagmiljø.
– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du då du fekk beskjeden?
– Eg opplevde det som ei stor ære. Det kjende eg på allereie då eg vart nominert.
– Fortel om forskinga di!
– Det handlar først og fremst om undervising og læring. Eg ser på bruk av teknologi, til dømes spel, quiz, simuleringar og kunstig intelligens, og heile tida handlar det om korleis læreprosessen kan bli meir engasjerande og meiningsfull for studentar. Mykje av forskinga mi skjer saman med forskarar som er vegleiar for, og det fungerer skikkeleg fint for alle partar.
– Kva ligg bak engasjementet ditt?
– Utdanningsforsking er så meiningsfullt at eg ikkje treng nokon pris. Eg får jo vere med på både å skape ny kunnskap og betre undervisingspraksisar på same tid. Eit av prosjekta eg jobbar med no, handlar om å knyte studentar med kroniske sjukdomar til skulen og undervisinga ved hjelp av hjelp av teknologi. Det er givande å jobbe for at alle skal få undervising av god kvalitet, også dei som kjem tilbake etter ei tid heime eller på sjukehus.
– Har du noko råd til andre forskarar?
– Ikkje lag for faste planar for karrieren din. Følg hjartet ditt, om det er mogleg. Det vil truleg gje deg stor glede i arbeidet ditt.
Kristin Bergaust jobbar i skjeringsfeltet mellom kunst, teknologi, økologi og samfunn. Juryen skriv at ho har etablert seg som ei leiande stemme innan kunstnarisk forsking og at kunsten hennar gjev publikum nye inngangar til å reflektere over store utfordringar i vår tid.
– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du då du fekk beskjeden?
– Eg blei glad og overraska! Som kunstnar kjem eg frå eit anna miljø enn forskarar flest, og kunstnarisk forsking har ikkje vore så synleggjort på OsloMet før.
– Fortel om forskinga di!
– I kunstnarisk forsking er det å skape opplevingar, sentralt. Dei siste åra har eg, i samarbeid med naturvitarar og på oppdrag frå EUs Joint Research Center, jobba mykje med ein installasjon som heiter «Oceans Connections». Dette er videoanimasjonar som fortel ei historie om hava våre, og spesielt Oslofjorden. Naturvitskaplege data blir omdanna til kunstnarisk materiale, og dette gjev ei anna oppleving.
– Kva ligg bak engasjementet ditt?
– Eg har alltid vore opptatt av vatn og vassmiljø, men eg hadde ei spesiell erfaring på Nesoddbåten rundt 2015. Då såg eg ein lekter som eg stussa på. Eg fann ut at hamnestyresmaktene var i ferd med å sprenge 26 undervasskjer for å gjere fjorden djupare, slik at større båtar kunne gå inn. Eg visste ikkje då at det skulle gå så gale med Oslofjorden som det har gjort, men dette vart starten på eit langvarig engasjement: prosjektet Oslofjord Ecologies, som har fått støtte frå EU-programmet Creative Europe. Her har vi hatt fleire utstillingar og presentasjonar.
– Kva tenker du at kunstnarar kan tilføre i akademia?
– Fleire ting! Forskarar framstiller ofte funn i tal og kurver, som ikkje når fram til folk sine kjensler. I kunstnarisk forsking kan vi skape opplevingar som opnar for bruk av andre sansar. Dessutan trur eg at kunstnarar, gjennom eit ope syn på kunnskap, kan vere med å leggje til rette for samarbeid mellom ulike samfunnsgrupper.
– Kva er du mest stolt av?
– At eg har vore med å løfte feltet. Eg var med i programstyret til det første stipendiatprogrammet for kunstnarisk forsking frå 2003 av. Seinare blei dette utvikla til akkrediterte Ph.d.-program ved utdanningsinstitusjonane. At kunstnarisk forsking i dag er eit etablert forskingsområde, skuldast ein dugnad frå eit tverrfagleg, norsk kunstfelt. Det betyr mykje for meg å ha vore med på dette.


