I mange år har forskarane Øystein Spjelkavik og Heidi Enehaug ved Arbeidsforskingsinstituttet samarbeidd med Nav-rettleiarar for å finne betre måtar å jobbe på. No ser dei arbeidet gir resultat.  

Juryen som har vedtatt å gi dei to forskarane OsloMets samfunnsforbetringspris, skriv mellom anna: 

«(…) forskningen har fått gjennomslag langt utover enkeltprosjektene den sprang ut av. Kunnskapen er tatt inn i NAVs nasjonale faglige føringer, og hybridmodellen er under innføring i fylker og regioner over hele landet. Arbeidet viser hvordan langsiktig samarbeid mellom forskning og praksis kan føre til konkret samfunnsforbedring og utvikling av offentlige tjenester.»

– Gratulerer med pris! Korleis reagerte de då de fekk beskjeden? 

– Vi blei veldig glade for at innsatsen vår blir anerkjent! Praksisnær forsking står ikkje alltid så høgt i kurs i akademia, så då er det ekstra gledeleg med ein slik pris. 

– Fortel om forskinga dykkar! 

– Vi har jobba saman med rettleiarar og leiarar ved Nav-kontor i ulike delar av landet. I starten gjekk vi ope ut og spurde korleis rettleiarjobben kunne gjerast på ein betre måte. Det var eit problem at mange brukarar fekk hjelp av Nav ein periode, men så fall ut igjen av arbeidslivet. Saman med rettleiarane fann vi ut at det var mykje å vinne på eit tettare samarbeid mellom rettleiarane, Nav-brukarane og arbeidsplassane deira. 

– Kva inneber dette i praksis?

– Rettleiarane sender vanlegvis brukarane frå seg ut i tiltak, der ein tiltaksarrangør står for hovuddelen av oppfølginga. Men når rettleiarane heller samarbeidar direkte med dedikerte mentorar på arbeidsplassen, og også følgjer opp brukarar tettare, fungerer det svært godt.  Tidlegare forsking har vist at den støtta som finst naturleg på arbeidsplassen, gjer at fleire blir verande i arbeidslivet. Vi fann også at både Nav-rettleiarane og mentorane lærer mykje. 

– Når skjønte de at dette ville bli ein ny måte å jobbe på? 

– Etter å ha samarbeidd med Nav i fleire år, fekk vi også eit tettare samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet. For eit års tid sidan bestemte direktoratet at alle Nav-kontor no skal jobbe etter det vi har kalla hybridmodellen. Då skjønte vi at forskinga vår verkeleg ville endre på ting.

– Kva er det viktigaste de har lært?

–  Byråkratiet Nav-tilsette jobbar i, er styrt ovanfrå og ned. Men vi har sett at det går an å endre ting nedanfrå og opp, viss dei som sit på toppen, lyttar til førstelinjetenestene. Dette kan gje gode utfall for alle partar, mellom anna kan det styrke kompetanseutviklinga blant rettleiarar.  

– Kva ligg bak engasjementet dykkar?

– Vi brenn for å auke inkluderingskompetansen i Nav og på arbeidsplassar, slik at dei som treng hjelp til å kome i arbeid, blir verande. Når vi ser at forskinga vår er med å endre praksisen, er det ei stor glede. Det gir oss både motivasjon og meining i arbeidet.