Kommunane avgjer kor mykje som kan byggast og kva krav som skal gjelde, for eksempel at utbyggjaren skal vere med på å betale for veg og annan infrastruktur.

Men utbyggjarane kjenner som regel økonomien i prosjektet betre. Når ein utbyggjar hevdar at eit krav eller ei planendring vil gjere prosjektet ulønnsamt, har kommunen ofte lite å samanlikne med.

– Kommunane må ofte ta viktige avgjerder utan å kjenne økonomien i prosjektet like godt som utbyggjarane. Vi vil bidra til at tala som ligg til grunn, blir synlege og kan etterprøvast, seier NIBR-forskar Anders Eika.

Forskarane skal gå gjennom rekneskapsdata, snakke med kommunar og utbyggjarar og studere fire til seks konkrete plansaker. Dei ser også på erfaringar frå Storbritannia og Nederland.

Ingen fasit, men synlege tal

Eit viktig mål er eit standardisert verktøy, eller ei detaljert beskriving av korleis eit slikt verktøy bør sjå ut. Det skal byggje på erfaringstal for byggjekostnader, og for kor stor forteneste og avkastning utbyggjarar normalt reknar med.

Verktøyet skal ikkje avgjere om eit prosjekt er lønnsamt. Det skal vise kva tal som betyr mest for resultatet, og kor mykje dei må endrast før eit prosjekt går frå lønnsamt til ulønnsamt, eller omvendt. Forskarane skal også lage ei sjekkliste over kva informasjon kommunen bør be utbyggjaren om.

– Målet er ikkje å overstyre vurderingane i kvar enkelt plansak, men at kommunar og utbyggjarar får eit betre utgangspunkt for felles forståing. Når føresetnadene blir tydelegare, kan diskusjonane i større grad handle om kva løysingar som er rimelege og ønskelege, seier Eika.

Prosjektet varer frå oktober 2026 til mars 2027.

Kontakt