Trådfest er ein levande og inkluderande handverksfestival der skaparglede, tradisjon og fellesskap står i sentrum. Festivalen byr på eit breitt spekter av kurs og aktivitetar for både nybegynnarar og erfarne handarbeidsentusiastar. Bak arrangementet står Institutt for estetiske fag ved OsloMet og ein ivrig gjeng med studentassistentar, leidd av Gina Therese Stene og Dennis Dahle Karlsen.
– Tanken bak Trådfest er samansett, fortel Gina.
– Vi ønsker å formidle tradisjonshandverk innan tekstil. Mange av teknikkane er raudlista og vi vil at fleire skal lære desse og ta med seg kunnskapen vidare.
– Vi vil også gjerne gi eit gratis tilbod til barn, unge og alle andre interesserte, i ferien.
– Dessutan er det fint å bruke dei flotte verkstadene til OsloMet i ein periode der lokala står tomme. Og ikkje minst skaper vi arbeidsplassar for ein engasjert gjeng med studentar, som får verdifull kompetanse dei kan ta med seg inn i arbeidslivet.
Arbeidet med festivalen har blitt nokså omfattande, fortel ho.
– Det er i all hovudsak studentassistentar som utfører arbeidet. Eg og Dennis hjelper kun med det overordna.
– Det er ein heilt fantastisk gjeng som er nysgjerrige og interessert i å lære, og ikkje minst veldig engasjerte og arbeidsame. Eg er imponert og veldig stolt over kva vi får til.
Ein festival for alle
– Kven er festivalen for?
– Alle - heilt enkelt, smiler Gina.
– Men vi prøver å nå ut til barn og unge fordi vi vil at teknikkane skal formidlast til ein yngre generasjon. Også er det moro å sjå korleis dei hiv seg ut i aktivitetane med lyst og lærevilje.
– Når du besøker festivalen kjem du inn i eit rom fylt med store gamle vever, mange rokker, heimelaga rammevever, avanserte kniplebrett, brikkevev og mykje garn, forklarer ho.
– Publikum kan vere med på mange ulike kurs og nokon krev påmelding, men dei kan også berre droppe innom og prøve ut ulike teknikkar. Det er ordentleg lågterskel og du blir møtt av blide studentar som har lyst til å lære bort det dei kan.
– I år har vi så mange aktivitetar at vi har måtta snike oss inn i Studenthallen som ligg ved sidan verkstaden òg. Det er gøy!
Les meir om festivalen og meld deg på kurs her
Dennis Dahle Karlsen og Gina Therese Stene gleder seg stort til årets Trådfest. Foto: Mattias Müller
Smale kurs er populære
– Av ein eller annan grunn som vi ikkje heilt kan forklare, men som vi liker skikkeleg godt, er det dei smalaste kursa, som knipling, spinning, brikkevev og perlevev som blir fylt opp først, fortel Gina.
– Men også meir “vanlege” teknikkar som strikking og broderi er veldig populære.
– I år har vi ein kurshaldar som tilbyr spinning av tråd med brennesle. Kor gøy er ikkje det? seier ho entusiastisk.
– Og vi har kurs i Duodji, med spinning av tinntråd på skinn. Det er så fint!
Mange deltakarar og stort engasjement
Det er andre gong Institutt for estetiske fag arrangerer Trådfest i sommarferien.
– Det gjekk verkeleg bra i fjor, fortel Gina.
– Vi hadde fleire fulle kurs og mange barn som kom innom – og det var mange morosame og fine opplevingar. Men vi var litt seint ute med planlegging og promotering då, så i år veit vi at det kjem endå fleire.
– Dennis lærte seg å spinne på rokk, med spælull frå Eidsvoll. Den var ikkje vaska så det lukta ordentleg gardsbruk i lokalet, ler Gina.
– Instituttleiar Liv Dahlin la ut ein video av Dennis som spann på rokken. Etter kort tid fekk Dennis rettleiing i teknikken av ei dame som kommenterte innlegget på Facebook. Det seier noko om engasjementet. Dama heiter Anni og er i år kurshaldar i spinning.
– Eg syntest også det var gøy å sjå min eigen son på 7 år få til spinning så godt, mykje betre enn meg. Eg trur det er noko med at barn ikkje overtenkar såg veldig.
Eige barneprogram
Årets festival blir arrangert i veke 27, frå tysdag 30. juni til laurdag 4. juli. Festivalen har eit eige barneprogram, Mini-tråd, fylt med spennande og leikne aktivitetar for barn og unge.
– Vi gleder oss veldig, seier Gina. Blant anna til å kjenne på stemninga når kursa går føre seg parallelt i verkstaden. Det blir prata om teknikk og mange lærar nye, gamle omgrep. Det er også gøy vere på kursa der det er heilt musestille, fordi alle sit i djup konsentrasjon.
– Og spesielt mykje gleder eg meg til å sjå mange barn i aktivitet. Vi håpar å kunne steike litt vaflar og trekke pølser på plassen utanfor - og det skaper jo unekteleg litt ekstra god stemning.