Doktorgradsutvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap (forkorta DGU-SAM og heretter referert til som utvalet) skal bidra til å utvikle forskarutdanningane på fakultetet. Utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg strategi for ph.d.-programma, og at programma, inkludert ph.d.-emna, har høg kvalitet som reflekterer fakultetet sin faglege profil og eigenart.
Utvalet skal bidra til å utvikle ph.d.-programma i tråd med krav til akkreditering som universitet i Studiekvalitetsforskrifta og Studietilsynsforskrifta.
Utvalet skal ta avgjerder i saker som er delegert frå dekanen og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til forskarutdanningane. Utvalet skal vere ein arena for å drøfte fakultetets forskarutdanningar, for å utvikle forskarutdanningane ved fakultetet ut frå erfaringar og resultat.
Utvalet skal sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn naudsynt.