FoU-utvalet på Fakultet for samfunnsvitskap er rådgjevande overfor fakultetsleiinga, og kan få delegert vedtaksmyndigheit i enkeltsaker.
FoU-utvalet skal bidra til å utvikle FoU- og innovasjonsarbeidet ved SAM. Utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og vere et bindeledd mellom fagmiljø ved institutta og fakultetet si leiing for å kunne fange opp initiativ frå forskingsmiljøa. Utvalet skal m.a. gjennom kontakt med Utdanningsutvalet og Doktorgradsutvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoU og utdanning i alle tre syklusar (bachelor, master og ph.d.).
Utvalet skal gjere vedtak i saker som er delegert frå dekanen og gi råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoU-utviklinga. Utvalet skal vere ein arena for å diskutere politiske, strategiske, faglege og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdere erfaringar og resultat. Utvalet kan sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.
FoU-utvalet skal etter delegering frå dekanen:
- fordele fakultetets strategiske midlar innan FoU-området
- fastsetje kriterium for etablering og endring av forskningsgrupper
- godkjenne og evaluere forskingsgruppene etter innstilling frå dei instituttleiarane det vedkjem
FoU-utvalet er rådgjevande overfor fakultetsleiinga i saker som gjeld:
- utvikling og implementering av FoU‐strategi og ev. underliggjande strategiar (for eksempel forskingsformidlingsstrategi, internasjonaliseringsstrategi), i tråd med fakultetets strategi og OsloMet sin FoU-strategi
- utvikling av gode rammevilkår for forskings‐ og utviklingsarbeid, herunder kriterium for tildeling av FoU‐tid
- arbeid med forskingsetikk og standardar for reielegheit i forsking
- årsplanar og budsjettiltak som gjeld FoU‐verksemda
- høyringssvar innanfor utvalets ansvarsområde
Arbeidsform
Utvalet skal i sitt arbeid legge til rette for diskusjon og erfaringsutveksling med sikte på å utvikle beste praksis i dei sakene som er til handsaming i utvalet.
Medlemmane i utvalet kan foreslå saker til handsaming. Dagsorden blir fastsett av prodekan.
Ved eventuelle avstemmingar gjeld følgjande: I saker der utvalet er gitt avgjerdsstyresmakt av dekan, har kvart medlem ei stemme. Ved stemmelikskap har utvalsleiar dobbelststemme.