Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. Programplaner og emneplaner
  3. Norsk, emne 1

Norsk, emne 1

Emneplan

Engelsk emnenavn
Norwegian, Subject 1
Emnekode
M5GNO1100
Omfang
15 stp.
Pensum
Pensum høst 2026 i Leganto
Timeplan
Timeplan i TP
Emnehistorikk
Emnehistorikk

Innledning

Lærarutdanningsfaget norsk skal gjere studentane kjende med dei omgrepa, tenkemåtane og uttrykksformene som er særskilte for norskfaget og skil det frå andre fag. Norskfaget er både eit humanistisk fag, eit hermeneutisk tolkande fag og eit språkfag. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunnsutviklinga.

Norskfaget har også eit særskilt ansvar når det gjeld å vidareføre humanistiske og demokratiske verdiar. Dette skjer mellom anna i elevane sitt møte med tekst- og språkmangfaldet som inngår i faget. Undervisning i tekstar med historiske og globale perspektiv kontrasterer og konfronterer elevens eigen kulturelle og verdimessige ståstad, gjer han/henne merksam på sin eigen tradisjon, og trener refleksjon som kan auke mogelegheitene for å forstå andre menneskelege forhold og erfaringar.

Litterære tekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar, frå fortid og samtid, skal legge grunnlaget for gode tekstval og litteraturarbeid som innbyr elevar på 5.-10. trinn til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon. Estetiske arbeidsmåtar understrekar norskfagets kunstfaglege karakter.

Norskfaget handlar om språk i vid tyding, og grunnskulelæraren i norsk skal kunne bidra til at elevane opplever språk som eit grammatisk, symbolsk og meiningsberande system, slik det kjem til uttrykk i tekstar i ulike sjangrar. I arbeidet med språk er språkleg variasjon og mangfald sentrale tema. Dette mangfaldet skal brukast som ein ressurs. Fellestrekk og skilnadar mellom dei skandinaviske landa kan også utnyttast. I tillegg til gjennomgåande arbeid med nynorsk og bokmål, skal studentane legge til rette for læring for elevar som har eit anna førstespråk enn norsk.

Norskfaget har eit særleg ansvar for å gi studentane kunnskap om lesing, skriving og munnlegheit. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere tekstar dei sjølv og andre har skapt, og til å bruke ulike tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal ha god kunnskap om korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggjande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 5-10. Digital kompetanse er òg sentralt i samanheng med utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk, og språket som tolkingsreiskap og forståing
  • har kunnskap om språkhistorie, talemål og språklige endringsprosesser
  • har omfattande kunnskap om norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om nasjonale minoritetsspråk og om nabospråk
  • har kunnskap om gjeldande normering for nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar med språkvariasjonar i eldre og nyare tid
  • har kunnskap om språklæring og språkutvikling inkludert begynnaropplæring i lesing og skriving
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinn og ungdomstrinn og om utvikling av elevanes skriveferdigheiter inkludert digitale ferdigheiter

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere variert norsk språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege, også mellomspråkstekstar
  • kan kjenne att teikn på lese- og skrivevanskar
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan skrive fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og retorikk for å fremje læring
  • har kunnskap om gjeldande reglar for norsk som opplæringsmål og undervisningsspråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan formidle fagstoff om språk i relevante uttrykksformer

Innhold

Språk er grunnleggande for tenking og handling, og er sentral i danning av mennesket og i formidling. Emne 1 gir systematisk kunnskap om å forstå og formulere samanhengar mellom språk og læring, og øvingar i å grunngje og nytte denne kunnskapen inngåande og kritisk. Ulike skrivehandlingar blir sett i samanheng med sentral teoretisk kunnskap og funksjonelle didaktiske perspektiv for å skape situasjonar for læring i ulike meiningsberande kontekstar.

  • Språket som system og språket i bruk
  • Norsk språk i eit historisk og kontrastivt perspektiv
  • Språkutvikling og språklæring (særleg knytt til metaspråkleg medvit og skriveutvikling)
  • Nynorsk og bokmål
  • Språkdidaktikk, nynorsk- og bokmålsdidaktikk
  • Elevtekstanalyse og -vurdering
  • Skrivestrategiar og teoriar om skriving
  • Retorikk (knytt til skriving)
  • Språkhistorie, talemål og språkleg variasjon

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformene vil vere ein kombinasjon av forelesing, gruppearbeid og individuelt arbeid, inkludert praktisk-estetiske arbeidsformer.

Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter

Retten til å avlegge eksamen har som vilkår godkjente arbeidskrav og deltaking i undervisning.

Arbeidskrav:

  • Individuell logg etter undervisning. Målet er refleksjon over fagstoffet. Målform: valfri. Omfang: 2 loggar med omfang på 800 ord +/- 10 % per logg. Kommentar frå faglærarar.
  • Prøver om språk. Ei individuell kunnskapsprøve (elektronisk) i grunnleggande grammatikk-kunnskap (fonologi, morfologi og syntaks) og ei individuell kunnskapsprøve (elektronisk) i nynorsk formverk. Målet for prøvene er å dokumentere språkmeistring. Omfang: Inntil ein time per prøve.
  • Elevtekstanalyse. Målet er å øve opp ferdigheiter i vurdering av elevtekstar. Målform: nynorsk. Omfang: 2000 ord +/- 10 %. Kommentar på utkast frå medstudent.

Deltaking i undervisning

Det er krav om 80 prosent deltaking i undervisninga for å kunne gå opp til eksamen. Fråvær over 20 prosent og inntil 40 prosent medfører at studenten må gjennomføre eit kompenserande arbeid. Ved fråvær over 40 prosent mistar studenten retten til å gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering og eksamen

Individuell skriftleg eksamen under tilsyn, 6 timar. Vekt på språk, læring og danning.

Målform: Valfri.

Ny/utsett eksamen blir gjennomført som ved ordinær eksamen.

Hjelpemidler ved eksamen

Ordbok og gjeldande læreplan for grunnskulen.

Vurderingsuttrykk

Det blir nytta ein karakterskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Sensorordning

Det blir nytta to interne sensorar. Kvart tredje år blir det gjennomført ekstern evaluering av eksamens- og sensurordninga etter retningslinjene for bruk av eksterne sensorar ved OsloMet.

Programplan

  • Grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 (2026 HØST)
  • Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, design, kunst og håndverk (2024 HØST)
  • Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kroppsøving og idrettsfag (2024 HØST)

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring