Dokumentar- og nyhetsproduksjon for nett og TV
Emneplan
Innledning
Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV er eit valfritt emne i 3. semester og vert gjennomført i samarbeid med Medieseksjonen ved OsloMet - storbyuniversitetet.
Dokumentar- og nyheitsproduksjon for nett og TV tek for seg både nyheitsproduksjon for nett og TV, og dokumentarfilm som sjanger, både teoretisk og praktisk.
Undervisningsspråk er norsk.
Forkunnskapskrav
Ein føresetnad for å ta emnet er praktiske og teoretiske kunnskapar som tilsvarer 1. studieår. Bestått karakter i emna MOK1700 og MOK1800 (Multimedial produksjon 1 og 2), eller andre tilsvarande emne er forkunnskapskrav for å kunne ta emnet. Ved opptak til emnet vert studentane rangerte etter karakter i emnet MOK1800 Multimedial produksjon 2.
Bachelorstudiet i medium og kommunikasjon følger dei generelle reglane for studieprogresjon. (Sjå programplanen.)
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har god kunnskap om
- reportasje for nett og TV
- intervju for nett og TV
- dokumentarfilmteori og -sjangrar
- dokumentarfilmproduksjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere video- og lydopptak på profesjonelt videokamera og proff lydmiksar
- kan finne og utvikle saker til nyheiter og dokumentarfilm
- kan visualisere ei historie
- dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt
Generell kompetanse
Studenten
- kan lage TV-reportasje og små TV-portrett
- kan lage korte dokumentarfilmar, levert som eit prosjektorganisert arbeid
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet strekker seg over eitt semester og er lagt opp som forelesingar, seminar, kollokvie- og gruppearbeid, tekniske kurs og praktisk retta gruppeoppgåver.
Ved semesterstart vert det arrangert eit obligatorisk intensivkurs i opptaksteknikk over normalt fem dagar. På kurset vert det arbeidd med avansert opptaksteknikk for video og lyd, og redigering. Studentane får dermed intensiv fordjuping knytt til locationarbeid på video.
I produksjonsgrupper vert det skrive eit manus for eksamensfilmen (sjå vurdering), og det vert utarbeida ein produksjonsplan. Etter gjennomgang og rettleiing av manus og produksjonsplan, vert medieproduksjonen laga i grupper på normalt 3-5 studentar. Alle grupper skal ha ein rettleiingstime før produksjonsstart for å kvalitetssikre arbeidet.
Arbeidskrav og obligatoriske aktiviteter
Det er knytt tre arbeidskrav til emnet:
Arbeidskrav 1: Ved semesterstart vert det gjennomført eit intensivt kurs i opptaksteknikk over normalt fem dagar. Innhald: Manusutvikling, opplæring i kamera, lyd og redigering, samt filming og redigering av ei historie. Formålet med dette arbeidskravet er å gje opplæring i avansert kamerautstyr, avansert lydutstyr og avansert redigering.
Arbeidskrav 2: Produksjon av dokumentarfilmar i ulike sjangrar. Omfang: 5-10 min. Formålet med dette arbeidskravet er å få praktisk erfaring med dokumentarfilmsjangrar.
Arbeidskrav 3: Manus og produksjonsplan til eksamensproduksjonen. Omfang manus: 5-10 sider. Omfang produksjonsplan: 1-2 sider. Formålet med dette arbeidskravet er å kvalitetssikre manus og produksjonsplan før opptak.
Arbeidskrava vert godkjende av faglærar. Alle arbeidskrav må være leverte innan fastsett frist og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
For å sikre at studentane får fagleg kontinuitet og grunnlag for å nå naudsynt tekniske ferdigheiter, er det obligatorisk deltaking ved all undervisning. Fråvær utover 20 prosent kan føre til at studenten mistar retten til å gå opp til eksamen.
Fristar og nærmare detaljar for innlevering av arbeidskrav kjem på undervisningsplanen som vert lagt ut i semesterstart.
Studentar som ikkje får godkjend arbeidskrav ved første forsøk, kan levere inn omarbeidd versjon ein gang. Ved dokumentert sjukdom eller andre tungtvegande årsaker kan eigen frist avtalast med faglærar.
Vurdering og eksamen
Dokumentarproduksjonen skal leverast som eit større prosjektorganisert arbeid. Arbeidet skal dokumentere arbeidsprosessen til studentane - frå idé til ferdig produkt.
Avsluttande vurdering i emnet er sett saman av to eksamensdelar:
Eksamensdel 1: Gruppas dokumentarproduksjon inkludert manus og produksjonsplan. Det er ei felles gruppevurdering på eksamensdel 1. Omfang på produksjonen er om lag 10 minutt.
Eksamensdel 2: Individuelt refleksjonsnotat med teoretisk del på 5-10 sider. Refleksjonsnotatet skal innehalde:
1. Ei problemstilling - og kvifor du valgte denne problemstillinga.
2. Grei ut om tre ting som var utfordrande for arbeidet i dette prosjektet.
Refleksjonsnotatet skal vere drøftende, der du bruker teori og pensum, og trekker inn døme frå produksjonen din for å reflektera over dei viktigste valg og utfordringar i prosjektet ditt.
Bruk fagtekstmalen i dette arbeidet. Skrifttype og skriftstørrelse: Arial, Calibri eller Verdana, 12 pkt, linjeavstand 1,5. Litteraturliste, innhaldsliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Det individuelle refleksjonsnotatet dannar grunnlaget for justering av karakteren gitt i del 1. Karakteren kan justerast eitt trinn opp eller ned.
Alle delar av eksamen må vere bestått for at studenten skal stå på eksamen.
Klagefristen starter når sensur på eksamensdel 2 er kunngjort. Ved klage på sensur blir begge eksamensdeler vurdert på nytt. Ved stryk på eksamen kan studenten levere en revidert versjon av begge eksamensdeler én gang.
Hjelpemidler ved eksamen
Alle hjelpemiddel er lov, så lenge studenten følgjer reglar for eksamen, kjeldebruk og sitering, og OsloMet si rettleiing for bruk av kunstig intelligens i studentoppgåver.
Vurderingsuttrykk
Gradert skala A-F.
Sensorordning
Det vert nytta intern og ekstern sensor ved sensurering.
Emneansvarlig
Frode Nordås