Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Studenthistorier
  4. – Dette burde alle lærarstudentar få prøve

– Dette burde alle lærarstudentar få prøve

Kan ein lære gjennom å danse og steike sveler? Absolutt, meiner studentar og undervisarar ved grunnskolelærarutdanninga.

Portrett av student Lotte Sjølie i gymsalen

Det blir dansa generelt lite ved norske lærarutdanningar. Det vil to tilsette ved OsloMet gjera noko med.

Gjennom masteremnet Fagovergripende perspektiv i byrjaropplæringa, får studentane ulike inngangar til kroppsleg læring, blant dei gjennom dans og tverrfagleg arbeid på kjøkkenet.

– Kroppsleg læring er noko alle lærarstudentar burde få opplæring i, fortel Lotte Sjølie, masterstudent i byrjaropplæring ved grunnskolelærarutdanninga ved OsloMet. 

Førsteamanuensis Tuva Bjørkvold og førsteamanuensis Kristine Høeg Karlsen ved grunnskolelærarutdanninga retter søkjelyset mot kroppsleg læring i byrjaropplæringa, som del av masterutdanninga i byrjaropplæring. 

– Målet er at studentane skal utvikla auka forståing for kroppsleg læring innanfor ulike fag, seier Karlsen.

Alle som utdannar seg til lærarar, burde få denne forma for undervisning.

Lotte Sjølie, student

Læring gjennom kropp og kjensler

Kristine Høeg Karlsen samarbeider med Annette Brandanger frå Senter for dansepraksis (SANS). Saman har dei utvikla eit undervisningsdesign der lærarstudentane gjennom å eksperimentere med eige rørslemateriale får døme på korleis dei kan legge til rette for læring gjennom kropp og kjensler.  

– Barn har i utgangspunktet eit naturleg forhold til kropp, rørsler og det å vere i aktivitet. Alle som utdannar seg til lærarar, burde få denne forma for undervisning, fortel student Lotte Sjølie.  

Publisert: 18.12.2023Sist oppdatert: 19.12.2023
Solfrid Harberg | Tuva Bjørkvold

Kan du lage ei svele som er dobbelt så stor som ein annan?

Tuva Bjørkvold har gjennom mange år utvikla undervisning på kjøkkenet der studentane får erfaring med korleis matlaging kan skape situasjonar som gjer lesing, skriving, samtalar og matematikk relevant. 

– Studentane får erfaring med å uttrykke brøk gjennom å arbeide med deig. Dei bruker oppskrifter som er baserte på bilete, reknar om mengder og utforskar storleiksomgrepet gjennom å til dømes steike sveler.

Forskar på kroppsleg læring 

Bjørkvold og Karlsen ønsker å styrke lærarutdanninga ved OsloMet gjennom auka søkjelys på kroppsleg læring. Dei er i full sving med eit nytt forskingsprosjekt der dei skal undersøke verdien av kroppsleg læring som ei integrert fagovergripande tilnærming til læring i grunnskolelærarutdanninga.  

Aktuelt studium

  • Master i grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7

    • Masterprogram
    • 5 år
    • Pilestredet i Oslo
    • Heltid

Studenthistorier

  • De to studentene Annette og Emilie sitter foran en grønn busk og holder nabospillet
    • Lærer
    • Praksis og karriere

    Annette og Emilie vil lære elevene svensk og dansk

    Det er stadig lavere forståelse mellom svensk, dansk og norsk språk, særlig blant yngre folk. Det ville to lærerstudenter gjøre noe med.

  • Lærerstudent Linda i en av bygningene på campus.
    • Lærer

    – Jeg ønsker å bli en trygg rollemodell for elevene

    Hvordan skaper du et trygt klassemiljø og sikrer at elevene er motiverte for læring? Etter fem år på universitetet er Linda klar for utfordringene hun kan møte på i klasserommet.

  • Portrett av lærerstudent på OsloMet, Glenn Enochsen.
    • Lærer

    Har allerede fått jobb som lærer på hjemstedet

    Glenn Enochsen (23) fra Hammerfest begynte å tenke på læreryrket allerede på ungdomsskolen. Nå gleder han seg til å komme tilbake til den samme skolen – som ferdig utdannet lærer.

Fleire studenthistorier
Publisert: 18.12.2023Sist oppdatert: 19.12.2023
Solfrid Harberg | Tuva Bjørkvold

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Studentar dansar i gymsalen.
Grunnskolelærarstudentane Lotte Sjølie, Sophie L. Le Pennec og Espen Sletten Svendsen i eigen koreografi.
Kristine Høeg Karlsen (t.v.) fra OsloMet og Annette Brandanger frå Senter for dansepraksis (SANS) har utvikla eit undervisningsdesign der lærarstudentane får døme på korleis dei kan legge til rette for læring gjennom kropp og kjensler.
Studentar steikjer sveler på kjøkkenet.
Lærarstudentar Ylja Lægreid, Emilie Hovseth Hansen og Jenny Ringnes Gjelten på kjøkkenet.