Vann medieforskingspris for masteroppgåva i journalistikk
Guro Sollie Hansebakken vann Norsk medieforskarlags pris for årets beste masterarbeid. Oppgåva gir mediebransjen både ny kunnskap og eit nyttig omgrepsapparat, meiner juryen.

– Dette var utruleg overraskande og gøy, seier Guro Sollie Hansebakken.
Ho fekk prisen under den norske Medieforskerkonferansen i Kristiansand i oktober.
«Arbeidet er modig, originalt, sjølvstendig og samfunnsrelevant,» seier juryen.
Fortel om veslesøstera si
Oppgåva er praktisk-teoretisk og består av både eit journalistisk arbeid og ein analyse og diskusjon som plasserer arbeidet inn i eit teoretisk rammeverk.
Guro har laga ein digital langlesnadreportasje, såkalla «scrollytelling», der historia blir fortald gjennom tekst, teikning, animasjon og lyd medan lesaren skrollar nedover sida.
Reportasjen fortel om Guros veslesøster.
– Det handlar om hennar veg inn og ut av kriminalitet, fortalt gjennom hennar eigne skildringar og diverse dokumentasjon, som rettsdokument, avhøyrsdokument frå politiet, journalar frå BUP, og mine eigne minne og tankar, fortel Guro.
Ny sjanger
Gjennom arbeidet har ho identifisert ein ny journalistisk sjanger som ho kallar personleg familiejournalistikk.
– Det er ein sjanger der journalisten trer inn i to roller, både som journalist og familiemedlem, forklarer ho.
– Dette blir gjort innan featurejournalistikk, der journalisten har lov til å vere personleg og bruke seg sjølv, så lenge ein fortel kva ein gjer og er open om kven ein er og kva relasjon ein har til subjekta.
Nytt etisk rammeverk for journalistikk
I den teoretiske delen av oppgåva set ho spørsmålsteikn ved korleis ho som journalist handterte dei etiske utfordringane og dilemmaa som oppstod undervegs.
Guro meiner presseetikken og Ver varsam-plakaten ikkje femnar alle utfordringar som oppstår i featurejournalistikk, fordi det er eit rammeverk som først og fremst tar utgangspunkt i nyheitsjournalistikken.
– Derfor foreslår eg å bruke eit teoretisk rammeverk i tillegg til presseetikken; nemleg omsorgsetikk.
I omsorgsetikken har relasjonen ein moralsk verdi som ein må vareta, forklarer ho.
– Når relasjonane allereie eksisterer og har ein verdi, slik dei har i eit familieforhold, oppstår det nokre moralske plikter for journalisten, som ein ikkje har i dei fleste andre sjangrar.
Eiga dagbok som datamateriale
Juryen meiner dette rammeverket og omgrepa Guro presenterer, har verdi langt utover masteroppgåva:
«Det kombinerer eit journalistisk produkt av høg kvalitet med ein teoretisk analyse som gir ny kunnskap og eit nyttig omgrepsapparat for norske medieforskarar, journalistar og redaksjonar.»
Anerkjenninga frå Norsk medieforskarlag kom svært overraskande på Guro.
– Då eg begynte på oppgåva, var eg usikker på om det eg dreiv med i det heile ville vere gyldig som forsking. Eg forskar på meg sjølv. Datamaterialet mitt er mi eiga dagbok, seier ho.
– Så det er litt rar og annleis forsking, men det kan jo også vere styrken – at den skilde seg litt ut og at eg undersøkte noko som ikkje har blitt undersøkt før.
– Eksepsjonelt bra
Det var rettleiar Steen Steensen som nominerte Guro si oppgåve til prisen.
– Oppgåva er både original og held eit ekstremt høgt nivå, seier han.
– Det er kombinasjonen av eit veldig originalt journalistisk utviklingsarbeid og svært høgt fagleg og teoretisk refleksjonsnivå som gjer den eksepsjonelt bra.
Han trekker vidare fram at Guro har utforska noko som var uutforska og at ho har fortalt historia på ein innovativ måte med bruk av blant anna animasjon.
Norsk medieforskarlag har delt ut denne prisen annakvart år sidan 2016. Dette var første gong han gjekk til ei praktisk-orientert oppgåve.
– Det synest eg er veldig gøy. Det er ikkje så mange stader ein kan gjere ein slik type masteroppgåve, men det kan ein hos oss, seier Steen.
Guro er svært glad for samarbeidet med Steen.
– Han var støttande, men gav også akkurat passe mykje motstand. Det var han som fekk meg til å skjønne at oppgåva måtte handle om etikk fordi det var der eg kunne finne ting som ingen andre har skrive om før.
Takk til familien
Guro sit igjen med mykje takksemd etter arbeidet med masteroppgåva.
– Først og fremst er eg veldig takksam for å ha fått lov til å gjere dette prosjektet i dei trygge rammene som eit masterløp er. Og masterprogrammet i journalistikk har vore kjempebra. Det var veldig lærerikt og inspirerande.
Ho rettar også ei stor takk til familien sin for at dei sa ja til å la henne gjere prosjektet.
– Dei har gitt meg så mykje tillit, vist openheit og vore veldig modige. Det har også vore frykteleg krevjande. Mykje meir krevjande enn eg trudde, frå eit relasjonelt og personleg perspektiv.
Vil jobbe meir med teikning og animasjon
Guro har blant anna erfaring som videojournalist, dokumentarfilmskapar og innhaldsprodusent. Ho har fullført mastergrada ved sida av jobben som sosiale medium-rådgivar ved Universitetet i Oslo. Målet no er å få publisert scrollytelling-reportasjen om søster si.
– Eg søker pengar for å fullføre han, for det står framleis litt att av det visuelle arbeidet.
Ho seier ho tar med seg mykje konkret lærdom frå masteroppgåva inn i det vidare kreative arbeidet sitt.
– Eg har oppdaga kor fantastisk det er å bruke teikning og animasjon for å fortelje sanne historier og korleis ein kan bruke visuelle element for å handtere nokre av dei etiske utfordringane. Det skal eg halde fram med å jobbe med.
Relaterte saker
- Kultur og medier
Ingeborg vant pris under Årets bilde-konkurranse
Prisen for årets nykommer gikk til fotojournaliststudent Ingeborg Miriam Aagesen for bildeserien hennes om samiske folk.
- Kultur og medier
Workshop i digitale undersøkelser med prisbelønte Bellingcat: – En del av den demokratiske beredskapen
Den internasjonale, undersøkende organisasjonen Bellingcat deler sine metoder med journalistikkstudenter.
- Kultur og medier
Kva skal journalistar med kunstig intelligens?
Vidareutdanningar innan datajournalistikk skal gi journalistar verktøya dei treng til å behandle store datasett og sjå dei store samanhengane.

