Skrive inn referansar manuelt

Kva felt skal fyllast ut – APA 7th (PDF oppdatert juli 2026, student.oslomet.no).

Importere frå databasar til EndNote

Du kan søke og importere referansar frå databasar til EndNote-biblioteket ditt.

Dette kan gjerast på fleire måtar:

  • Søk i databasar og eksporter til EndNote (sjå etter Export eller Send til-knapp).
  • Søk og importer via EndNote.
  • Søk i database, mellomlagre resultat, importer til EndNote.

Importere referansar frå Word til EndNote

EndNote kan hente referansane frå eit dokument med referansar som er laga med utgangspunkt i eit anna EndNote-bibliotek.

Tenk deg at du får eit Word-dokument frå ein medstudent eller kollega med referansane som er henta frå hans eller hennar EndNote-bibliotek. Følg denne fremgangsmåten for å importere desse referansane til EndNote-biblioteket ditt:

  • Berre teksten og EndNote-programmet må vere opna på PC-en, lukk derfor andre program.
  • I EndNote-programmet: Gå til Tools > Cite While You Write (CWYW) > Import Traveling Library.
  • Vel eit EndNote-bibliotek eller -base som du ønsker å få referansane importert til. Referansane kjem inn med ein gong!

Slette duplikat

Automatisk sletting av duplikat ved import fungerer berre ved søk og import via EndNote (Online Search).

Rettleiing frå Universitetet i Stavanger: fjerne duplikat (stavanger.instructure.com).

Dersom du ønsker at referansar som allereie ligg i biblioteket ditt ikkje blir importert på nytt:

Edit > Preferences > Duplicates > hak av for Automatically discard duplicates.

NB! Dette gjeld berre ved Online Search, ikkje ved søk direkte i databasen og deretter eksport til EndNote.

Treng du hjelp?

Kom på kurs eller rettleiing i biblioteket (student.oslomet.no).