Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Tilrår å styrkja innsatsen for barn og unge på Romsås

Tilrår å styrkja innsatsen for barn og unge på Romsås

Gapet mellom fattig og rik aukar, og område i Grorud bydel i Oslo slit med fråflytting, trangboddhet, dropout, rotløyse og utryggleik. Forskarar frå OsloMet tilrår at tiltak særleg blir retta mot barn og unge.

Beina til ei rekkje menneske som står langs ein husvegg.

Forskningsartikkel av: By- og regionforskningsinstituttet NIBR

Publisert: 14.09.2018Sist oppdatert: 19.07.2023
Jan-Tore Berghei

Gjennom Groruddalssatsingen har Oslo kommune vedteke områdeløft for utsette område i byen. I samband med dette har forskarar sett nærare på områda Romsås og Grorud for å komma med tilrådingar til kva tiltak som bør setjast inn. Før sommarferien vart resultata lagde fram på ungdomsklubben Raven på Romsås.

– Det me ser er at gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste har auka på Romsås, og det flyttar fleire frå enn til delbydelen. Det seier prosjektleiar Marit Ekne Ruud ved OsloMet. Ho er seniorforskar ved By- og regionsforskingsinstituttet NIBR og har leidd analysen av områda.

Dei fleste er i jobb

Arbeidet er gjennomført av NIBR i samarbeid med Arbeidsforskningsinstituttet (AFI). Ruud meiner at det òg er viktig å fastslå at trass i dei levekårsutfordringane dei har avdekt, så er dei fleste som bur i området i jobb, dei fleste eig sin eigen bustad, dei fleste har ei utdanning og er økonomisk uavhengige.

– Me veit òg at både ungdom og vaksne på Romsås og Grorud trivst der dei bur, at dei unge trivst på skulen og mange er med i fritidsaktivitetar, seier ho.

– Denne studien har i særleg grad krinsa rundt barn, ungdom og unge vaksne. Det er forsterka innsats for unge, nærmiljøa deira, kvardagsliv og livskvalitet som er det sentrale for å betra situasjonen og for å førebyggja ein problematisk livssituasjon seinare.

Likevel har forskarane i rapporten sin avdekt ei rekkje utfordringar i området som kommunen bør sjå nærare på.

Norske flyttar ut

Rapporten viser mellom anna at fleire med etnisk norsk bakgrunn som flyttar ut, og det blir større del eldre i området. Meir enn ein firedel av hushalda får over halvparten av inntekta frå offentlege overføringar. Talet på barn i skulealder går ned på Romsås, og 44 prosent har ikkje har fullført vidaregåande etter fem år. Romsås har òg den nest høgaste del dropouts blant Oslos 92 delbydelar.

Andelen sysselsette menn har gått kraftig ned sidan 2007, berre få andre delbydelar ser det same, og Romsås utmerker seg med å vera ein av delbydelane med færrast kvinner i arbeid.

Forskarane har òg avdekt auka grad av utryggleik som følgje av narkotikaomsetning. I delbydel Grorud er det òg ein relativt høg del utleigebustader, og høg prosent som flyttar inn og ut; noko som gir gjennomtrekk og mindre stabilitet i området.

Tilrår å bruka større søsken

Forskarane tilrår ei rekkje tiltak for å betra miljøet i delbydelane, mellom anna auka nærvær frå politiet og betre samarbeid med mellom anna barnevernet og Boligbygg, som forvaltar dei kommunale bustadene. Dei tilrår òg ein styrkt innsats på samanhengen mellom folkehelse og integrering og peikar på behovet for å betra trygge sårbare barn og familiar.

Det er forsterka innsats for unge, nærmiljøa deira, kvardagsliv og livskvalitet som er det sentrale for å betra situasjonen og for å førebyggja ein problematisk livssituasjon seinare

Forskar Marit Ekne Ruud

Forskarane understrekar samtidig at strategiane kommunen legg for området òg bør styrkja dei kvalitetane i nabolaga og nærmiljøa som allereie utmerker seg positivt. Særleg idrettsarena, uteområde i bustadmiljøa, fritidsklubben, frivilligsentralen og skulane.

– Desse kan utgjera ein sosial-geografisk ressurs og ei tru på at det nyttar. Dette kan ha ein god «smitteeffekt» på andre, seier Ekne Ruud.

– Eit av forslaga våre er å er å etablera eit nærmiljøhus eller eit grendehus med aktivitetar, kurstilbod og møteplassar der fleire vaksne er tilgjengelege for barn og ungdom, seier ho.

Styrke fritidsarenaar og foreiningar

Forskarane tilrår òg å styrkja fritidsarenaar og foreiningar. Særleg blir det tilrådd at bemanninga i den velfungerande fritidsklubben blir styrkt for å gi barn og unge fleire vaksenpersonar å ta omsyn til – og dessutan å bruka eldre søsken til barn i området som positive rollemodellar, etter ein vellykka modell frå Paris.

Ei rekkje utfordringar

Arbeidet er gjennomført av NIBR i samarbeid med Arbeidsforskningsinstituttet (AFI). Ruud meiner at det òg er viktig å fastslå at trass i dei levekårsutfordringane dei har avdekt, så er dei fleste som bur i området i jobb, dei fleste eig sin eigen bustad, dei fleste har ei utdanning og er økonomisk uavhengige.

– Me veit òg at både ungdom og vaksne på Romsås og Grorud trivst der dei bur, at dei unge trivst på skulen og mange er med i fritidsaktivitetar, seier ho.

– Denne studien har i særleg grad krinsa rundt barn, ungdom og unge vaksne. Det er forsterka innsats for unge, nærmiljøa deira, kvardagsliv og livskvalitet som er det sentrale for å betra situasjonen og for å førebyggja ein problematisk livssituasjon seinare.

Likevel har forskarane i rapporten sin avdekt ei rekkje utfordringar i området som kommunen bør sjå nærare på.

Referanse

Ruud, Andersen, Brattbakk, Breistrand, Nygaard og Vestby (2018): Utfordringar og moglegheitsrom - Oppstartsanalyse for områdeløft på Romsås og Grorud, NIBR-rapport 2018:4.

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 14.08.2018.

Kontakt

  • Marit Ekne Ruud

    Marit Ekne Ruud

    • forsker I

Relatert forsking

  • Dataskjerm med data.
    • Forbruk, klima og miljø

    Ansvaret for personvern kviler på dei svakaste

    Det er me forbrukarar som må ta det største ansvaret for å passa på at persondata ikkje blir misbrukt.

  • Pasient og fysioterapeut under ei behandling.
    • Helse og sosialt arbeid

    Denne behandlinga gav mindre smerter og betre mental helse

    Pasientar fekk eit betre liv med psykomotorisk fysioterapi.

  • Hender som ordnar med ein blomsteroppsats i ei glasskål.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Norden

    Introduksjonsprogramma bidreg til at flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Noreg og Sverige enn i andre europeiske land.

  • Kvinne på ein sofa med eit krus ho held i begge hendene
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Kvinner og menn har ikkje ulike haldningar til sjukefråvær

    Forsking viser ingen kjønnsforskjell i haldningar og normer for sjukefråvær.

  • Stekt laks på en tallerken med nudler og salat og en gaffel.
    • Forbruk, klima og miljø

    Nesten bare godt voksne spiser fisk

    Dagens produkter passer ikke inn i de unges spisevaner, viser studie.

  • To batteri i emballasje som nokon held på å løfta ut av ei eske.
    • Forbruk, klima og miljø

    Nordmenn er dårleg førebudd på straumbrot

    Me manglar rutinar for kva me skal gjera viss straumen går.

Fleire forskingsnyheiter

Forskningsartikkel av: By- og regionforskningsinstituttet NIBR

Publisert: 14.09.2018Sist oppdatert: 19.07.2023
Jan-Tore Berghei

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Romsås utmerker seg med å vera ein av delbydelane med færrast kvinner i arbeid

Forskar Marit Ekne Ruud
Portrett av Marit Ekne Ruud

Nokre av hovudfunna

  • Gapet mellom dei rike og fattige har auka, og det flyttar fleire frå enn til Romsås
  • Flere med etnisk norsk bakgrunn flyttar bort
  • Antall familiar som bur trongt har økt
  • Høg del barnevernsaker - kvar fjerde familie
  • Barn kjenner seg utrygge ute i nærmiljøet, og har for lite trygg vaksenkontakt utanfor heimen
  • Antal barn i skulealder går ned på Romsås, skulen er prega av mykje uro
  • Ein stor del oppnådde ikkje krava til vidaregåande skule, 44 prosent har ikkje fullført vidaregåande etter fem år
  • Unge menn opplever utanforskap, unge jenter slit med angst og innvandrarkvinner kjenner seg isolerte
  • Andelen sysselsette menn har gått kraftig ned sidan 2007, og Romsås er ein av delbydelane med færrast kvinner i arbeid

Kva er eit områdeløft?

Områdeløft som fenomen vart for første gong nytta i fire delbydelar i Groruddalen som ein del av den meir omfattande Groruddalssatsingen som starta i 2007, og vart etter kvart teke i bruk i andre område både i Oslo og andre byar.

Områdeløft er eit offentleg finansiert utviklingsprogram for å gjennomføra heilskaplege innsatsar i levekårsutsette område, og har som oftast ei varigheit på tre til fem år.