Forskar: – Skuffande kvalitet i norske barnehagar
Medan England har auka barnehagekvaliteten for dei minste til «god» dei siste fem åra, ligg Noreg på den nedre delen av skalaen, viser ny OsloMet-studie.
I ein fersk forskingsartikkel samanliknar forskarane Elisabeth Bjørnestad og Ellen Os ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet barnehagekvalitet for barn opp til 2,5 år i Noreg, England, Portugal og Nederland.
– Barnehagekvaliteten for dei minste i Noreg er ikkje så god som me hadde forventa. Me har hatt tiltru til at norske barnehagar er gode, så dette resultatet er skuffande, seier Ellen Os.
Medan England dreg frå dei andre europeiske landa på barnehagekvalitet med ein kvalitetscore på 5.3 i 2017, ligg Noreg på ein skår som blir kalla «minimal» med 3.9. Portugal og Nederland ligg endå lågare på skalaen med høvesvis 2.8 og 2.9.
På kvalitetsskalaen kalla ITERS-R (Sjå faktaboks) er 1 rekna som «utilstrekkeleg», 3 er «minimal», 5 er «god» og 7 er «utmerkt».
Ikkje gode nok på hygiene og tryggleik
Norske barnehagar kjem dårleg ut på personleg omsorg, aktivitetar og rom og møblar, medan me er betre på samspel, struktur og snakka og lytta.
– Årsaka til at me får låg skår på desse er først og fremst fordi me ikkje er gode nok på hygiene, tryggleik og materiell, forklarer Os.
Det er første gong det er gjort ei undersøking i norske barnehagar basert på dette verktøyet, medan England gjennomførte ei slik undersøking òg i 2012. Då låg dei på same nivå som Noreg i 2017. England har med andre ord hatt ei kraftig betring i kvalitetsskåren sin dei siste fem åra.
Barnehagekvaliteten for dei minste er ikkje så god som me hadde forventa. Me har hatt tiltru til at norske barnehagar er gode, så dette resultatet er skuffande.
– Det er overraskande at England kom så høgt på skalaen på så kort tid. Det viser at det er ein del tiltak som kan ha stor effekt på kort tid. Det er nok ein del me kan gjera i norske barnehagar òg for å auka kvaliteten raskt.
– Krev meir
Barnehageforskaren har nokon tankar om korleis England har klart å gjera eit slikt hopp på skalaen på fem år.
– Det kjem nok av at dei har brukt kvalitetsskalaen aktivt i opplæring av barnehagepersonalet for å betra kvaliteten, forklarer Os.
Engelske barnehagar auka kvaliteten spesielt mykje på rom og møblar og personleg omsorg, medan skilnaden frå 2012 til 2017 ikkje er like stor når det gjeld til dømes samspel, og snakka og lytta.
– Det krev kanskje meir å få til raske endringar på desse områda, enn å kjøpa inn materiell og å betra tryggleiken, seier Os.
Må bli betre på samspel
Ho understrekar at denne metoden å måla kvalitet på har sine svakheiter. Mellom anna er ikkje barnehagane grundige nok på samspel, noko som er rekna som ein av dei viktigaste faktorane for kvaliteten.
– Metoden er mykje diskutert, men samtidig klargjer skalaen nokre område ein bør fokusera på for å auka kvaliteten for dei minste.
– Kva er det viktigast at norske barnehagar blir endå betre på?
– Det aller viktigaste er at ein blir endå betre på samspel. Men det er òg viktig at ein legg til rette for gode samspel ved å fokusera på hygiene, tryggleik og materiell. I tillegg er det viktig at dei tilsette får rammer som bidreg til å auka kvaliteten, til dømes at det er nok folk på jobb til kvar tid, seier Os.
Så barn som vandra rundt åleine
I undersøkingane sine såg Os og Bjørnestad hol i både tryggleiken og hygienen i norske barnehagar.
– Ifølgje dette verktøyet skal ungane vera under rimeleg oppsyn, men me såg barn som vandra rundt åleine i store barnehagar, og var åleine på rom opptil 20 minutt av gongen, fortel Os.
– Kva er grunnen til at det er slik?
– Desse glippane i tryggleik har med for låg bemanning å gjera. I mange norske barnehagar er éin vaksen åleine med barna om morgonen og ettermiddagen. Det er kanskje ikkje nok for dei minste som treng bleieskift òg vidare.
– Betre handhygiene hadde gjort seg
Når det gjeld hygiene, skal både barn og vaksne vaska hender etter dobesøk, før måltid og etter å ha vore ute for å få god skår.
– Det var store brot her, så litt betre handhygiene hadde gjort seg. Dei minste er veldig mykje sjuke det første året, så hygiene har ein del å seia for dei.
Norske barnehagar kjem òg dårleg ut på materiell, det vil seia leikar og anna utstyr.
– Mange barnehagar hadde veldig lite materiell tilgjengeleg for barna. I tillegg var ofte plasseringa og presentasjonen av leikane rotete og lite tenkt over, seier Os.
Referanse
Elisabeth Bjørnestad og Ellen Os: Quality in Norwegian childcare for toddlers using ITERS-R. European early childhood education research journal, volume 26, 2018.
Denne artikkelen vart opphavleg publisert på Hioa.no/vitenogpraksis 03.04.2018.
Relatert forsking
- Oppvekst, skole og utdanning
– Mange norske skular er ikkje klare for seksåringane
Det er for mykje stillesitting og for lite variasjon for førsteklassingane i skulen, meiner forskarar.
- Oppvekst, skole og utdanning
Ønsker å gjøre teori og analyse mer tilgjengelig
Forskere bak ny bok om teori og analyse håper de kan hjelpe studenter.
- By, regioner og urbanitet
Vil flytte makta nærmere folket
Hvis ekspertutvalg får det som de vil, flyttes mer av den politiske makta i Norge nærmere innbyggerne.
- Forbruk, klima og miljø
Unge mest skeptisk til gjenbruk
En ny undersøkelse viser at flere unge folk ikke liker å bruke andres gamle ting.
- Oppvekst, skole og utdanning
Unge hasjbrukarar slit på fleire område
Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet.
- By, regioner og urbanitet
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger
Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.
Forskningsartikkel av: Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
