Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Forskar bekymra for pillekultur hos ungdom

Forskar bekymra for pillekultur hos ungdom

Stadig fleire ungdommar er storforbrukarar av smertestillande piller. Dei treng å læra seg meir om korleis lytta til kroppen sin, meiner OsloMet-forskar Siv Skarstein.

Portrett Siv Skarstein

Forskningsartikkel av: Fakultet for helsevitenskap (HV)

Publisert: 03.09.2018Sist oppdatert: 13.07.2023
Sonja Balci

– Hyppig smerte er eit tidleg varsel, og kroppen prøver å fortelja deg korleis du har det. Kanskje har du behov for kvile. Kanskje treng du å stressa ned, seier forskar Siv Skarstein, som nyleg tok doktorgrada på ungdom og bruken av reseptfrie smertestillande middel.

Stadig fleire ungdommar slit med smerter. Mange av dei er storforbrukarar av reseptfrie smertestillande middel, og har eit inntak av paracetamol dagleg eller fleire gonger per veke over meir enn fire veker.

Skarstein ved OsloMet er bekymra for at det har vorte ein kultur blant ungdom å ta ei pille for alt som er ille, og spesielt på grunn av at medisinbruken blir tidleg etablert i tenåra.

For å forhindra ei uheldig utvikling, meiner ho at ungdom burde få hjelp på skulen til å læra seg meir om korleis dei kan lytta til kroppen sin og kva som er normale reaksjonar.

Opplever mykje smerter

Forskaren har gjort fleire undersøkingar der ho har sett på ungdoms bruk av smertestillande. Ein av dei var med 367 ungdomsskuleelevar mellom fjorten og femten år, og resultata i denne studien viser at blant storforbrukarane er det tilnærma like mange gutar som jenter.

Skarstein fann ut at storforbrukarane sov mindre, drakk litt meir alkohol og hadde lågare ambisjonar og forventningar til framtida. Dei hadde òg lågare sjølvtillit, høgare skulefråvær, og dei jobba oftare ved sida av skulen.

Eg har tru på rett behandling til rett tid. Men å bruka smertestillande for å takla utfordringane i kvardagslivet, har eg lita tru på.

Siv Skarstein

Forskinga viser at korkje kulturelle skilnader, økonomi i heimen, frukostinntak eller deltaking i sportslege aktivitetar påverkar forbruket av reseptfrie smertestillande medisinar.

– Ungdom som har eit høgt forbruk av smertestillande medikament, opplever at dei har mykje smerter. Hovudverk og muskel- og skjelettsmerter er vanlegast, forklarer Skarstein.

Situasjonar som kan gi smerter og plagar, er til dømes lite søvn og stress.

Tek piller for å stressa ned

Den andre studien til Skarstein var djupneintervju med 19 ungdommar som var storforbrukarar av smertestillande medisinar.

Gjennom samtalane fann ho at ungdommane brukte smertestillande for å roa seg ned og for å takla krevjande situasjonar, som til dømes sosiale arrangement, eksamenar, trening og konkurransar.

Nesten alle hadde stadig hovudverk, men ingen av dei hadde fått stilt ein diagnose for smertene.

Mange ungdommar set uendeleg høge krav til seg sjølv, og fallhøgda er veldig stor.

Siv Skarstein

– Ungdommane sleit med ei kjensle av at dei ikkje var bra nok, seier Skarstein.
Fleire nemnde angst. At det knyter seg i brystet. Halvparten av deltakarane hadde vorte mobba på skulen.

Ofte var det konfliktar mellom foreldra og ei anstrengd stemning i heimen. Mange hadde opplevd stress tidleg i livet, og dei følte at det var for mange krav og forventningar – både frå skule, familie og venner.

I den tredje og siste studien kvar åtte av mødrene vart djupneintervjuet, kom det fram at dei hadde stor innverknad på vurderinga til ungdommane av smerte og bruk av reseptfrie smertestillande medisinar.

Overforbruk kan gi kronisk hovudverk

Totalsalet av paracetamol, reseptfritt og reseptpliktig, er meir enn fordobla sidan 1999 og auka med fem prosent det siste året, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Forskaren trur det er få unge som kjenner til at overforbruk kan gi kronisk hovudverk og over tid òg alvorlege leverskadar.

– Reseptfrie smertestillande medisinar har biverknader, så det er viktig å skilja mellom formålstenleg bruk, lite tenleg bruk og skadeleg bruk, understrekar Skarstein.

– Eg har tru på rett behandling til rett tid. Men å bruka smertestillande for å takla utfordringane i kvardagslivet, har eg lita tru på.

Skarstein har òg eit råd til foreldre:

– Me har lett for å verdsetja menneske for prestasjonar. Mange ungdommar set uendeleg høge krav til seg sjølv kvar fallhøgda er veldig stor. La ungdommen din få kjenna at han eller ho er verdifull, uavhengig av kva som blir prestert.

Referanse

Siv Skarstein disputerte 22. januar 2018 ved Institutt for helse og samfunn ved UiO med avhandlinga «Frequent use of over-the-counter analgesics among adolescents – a warning sign of troubled lives».

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 24.04.2018.

Kontakt

  • Siv Skarstein

    Siv Skarstein

    • Professor
    • +47 672 36 184

Relatert forsking

  • Ei jente som sit mellom to tre.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Korleis møter barnevernet minoritetsjenter utsett for vald og sterk kontroll?

    Klarer barnevernet å hjelpa unge minoritetsjenter som opplever sterk sosial kontroll og vald heime?

  • Frokosttallerken
    • Helse og sosialt arbeid

    Gravide og ammande i Noreg får i seg for lite jod

    Heile åtte av ti gravide et for lite mat med jod, viser ny studie frå OsloMet.

  • Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Myter stenger synshemma ute

    – Arbeidsgjevarar kan ikkje nok om synshemming og vel heller å ikkje tilsetje søkjarar.

  • Folk som sit og et ved fleire langbord i ein restaurant med vindauge ut mot ei bygate.
    • Forbruk, klima og miljø

    Svenskane er ute til lunsj, medan nordmenn sver til matpakken

    Matvanane i Noreg har endra seg overraskande lite dei siste 15 åra.

  • Sommerfugler og andre flyvende insekter laget av papir på en vegg, en av sommerfuglene har fjær limt på vingene
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Tidlig barnehagestart gir forsprang

    Barn som begynner tidlig i barnehagen, får bedre logiske ferdigheter.

  • Foayeen i et av byggene på OsloMet under åpen dag med mange folk til stede
    • Oppvekst, skole og utdanning

    – Samfunnet trenger flere med masterutdanning

    Det blir stort behov for folk med masterutdanning framover.

Fleire forskingsnyheiter

Forskningsartikkel av: Fakultet for helsevitenskap (HV)

Publisert: 03.09.2018Sist oppdatert: 13.07.2023
Sonja Balci

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Kor mykje Paracet er for mykje?

Med storforbruk hos ungdom meiner me inntak av reseptfrie smertestillande medisinar dagleg eller fleire gonger per veke over meir enn fire veker, utan at det ligg ein konkret sjukdomstilstand føre eller akutt skade.