Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. – Må gjere meir for ungdom i fattige familiar

– Må gjere meir for ungdom i fattige familiar

Ungdom som veks opp i låginntektsfamiliar, er ei oversett gruppe som bør følgjast opp betre, ifølgje ny rapport.

Ung trist jente sit og tenkjer.

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 14.12.2018Sist oppdatert: 31.07.2024
Sonja Balci

Rapporten påpeikar at ungdomstida er ei tid der stress i familien og mangel på økonomiske ressursar, kan få negative konsekvensar for psykiske og fysiske helsa til dei unge. 

– Mykje tidlegare forsking og tiltak har fokusert på barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Gjennomgangen vår viser at også ungdomstida er ein sårbar periode, seier seniorforskar Christer Hyggen ved NOVA på OsloMet.

– Derfor må politikarane styrkje innsatsen mot denne gruppa. 

Han står bak rapporten saman med Ingar Brattbakk ved AFI og Elling Borgeraas ved SIFO. Den nye rapporten om barnefattigdom har samla og systematisert norsk og internasjonal forsking som er relevant for norske forhold.

Dei har sett på følgja av å vekse opp i ein familie med svak økonomi, og trekkjer spesielt fram ungdom som veks opp i fattige familiar.

Dette kan barnefattigdom føre til

Forskarane peikar på ei rekkje negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med svak økonomi:

  • Foreldra har avgrensa høve til å investere i ting som er viktig for barns utvikling og sosial deltaking. Det kan vere at dei ikkje har råd til det dei treng av døme bøker, datamaskiner, og deltakaravgift i idrettslag.
  • Mange veks opp i ein utrygg bustadsituasjon på leigemarknaden, prega av dårlege buforhold, frykt for utkasting og mykje flytting. Det kan skape stress.
  • Låg inntekt kan gjere noko med samspelet i familien. Uføreseieleg inntekt og økonomiske bekymringar påverkar moglegheitene foreldra har til å vere gode foreldre.
  • Økonomiske bekymringar kan også føre til at hushald blir splitta og at foreldrekonflikten blir så høg at foreldra skil seg.
  • Låg inntekt har ofte ein samanheng med dårleg helse eller andre utfordringar hos foreldra.
    Auka risiko for mobbing og utestenging for barn i låginntektsfamiliar.
  • For ungdom i Noreg ser det særleg ut som ei låg hushaldinntekt kan få negative konsekvensar på fleire område. Forskinga viser at ei ungdomstid i låginntektshushald kan verke negativt for helse, både fysisk og psykisk. Det kan få konsekvensar for skulepresentasjonar og kan påverke overgang til arbeid og vaksenroller.

Auka risiko for mobbing og utestenging

Inntekta til familien får ei større rolle når barna blir eldre. Ungdom samanliknar seg gjerne med jamaldra og derfor blir det opplevd om ei større belastning når ein ikkje kan vere med på det dei andre gjer.

Forsking tyder på at å vekse opp i fattige familiar kan ha store konsekvensar for ungdom, mellom anna auka risiko for mobbing og utestenging.

– Det er viktig å setje inn tiltak der ungdommen er. Det må lagast gode og trygge møteplassar i nærmiljøet, seier Hyggen.

Forskinga viser nemleg at nabolag kan påverke konsekvensar – både positivt og negativt.

Førar til auka stress

Det er ein vekst i talet på barn og unge som veks opp i familiar med låginntekt eller vedvarande låginntekt. 10,3 prosent av alle barn tilhøyrde eit hushald med vedvarande låginntekt i 2016, mot 10 prosent året før.

Rapporten peikar på ei rekkje faktorar som kan hjelpe barn i låginntektsfamiliar:

  • Forsking tyder på eit behov for auka innsats for å støtte tenåringar som veks opp i fattige familiar. Det finst allereie omfattande politiske tiltak for å førebyggje negative konsekvensar for barn som veks opp i fattige familiar, men det er mindre merksemd og innsats retta mot ungdom.
  • Det held ikkje å berre fokusere på barn og unge som veks opp i vedvarande låginntektsfamiliar. Merksemda må også rettast mot barn og unge som veks opp i familiar med ustabil inntekt. Ei ustabil inntekt kan føre til auka bekymring, stress i familien og manglande føreseielegheit. Det kan også få negative konsekvensar for mental helse.
  • Familien må stå sentralt i innsatsane for å redusere negative konsekvensar av oppvekst i låginntekt. Dette krev heilskapleg innsats.
  • Ungdom bør også få hjelp til sjølv å handtere stress og utfordringar dei opplever når familien slit økonomisk.  

Ulikskapane stig også i Noreg

Kunnskapsoppsummeringa viser også at konsekvensane av å vekse opp i låginntektsfamiliar er mindre alvorlege i Noreg enn andre stader i verda.

– Samanhengen mellom det å vekse opp i låginntektsfamiliar og dårlege levekår, er sterkare i USA og andre land i Europa enn i Noreg, seier Hyggen.

Noreg kjem også betre ut enn dei andre nordiske landa.

– Dette betyr nok at mykje av det som blir gjort i politikken i Noreg på mange måtar fungerer godt. Det betyr også at mykje av det som blir gjort overfor barnefamiliar direkte gjennom skular og helse- og velferdstilbod, allereie har ein positiv effekt.

Kilde

Hyggen, C., Brattbakk, I. & Borgeraas, E. (2018). Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier. En kunnskapsoppsummering. NOVA Rapport 11/18 (fagarkivet.oslomet.no)

Kontakt

  • Christer Hyggen

    Christer Hyggen

    • forsker I
    • +47 672 37 467

Relaterte saker

  • Barnehagejente i refleksvest sitter med ryggen til og ser på en gruppe barn på litt avstand.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Dette er de beste tiltakene mot mobbing

    Voksne som er tilstede og bryr seg, er ett av tiltakene som har best effekt i kampen mot mobbing, ifølge forskere ved OsloMet.

  • To smilende jenter på sykkel fotografert nedenfra
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Norske barn har det veldig bra, men ikke alle

    Det viser svarene fra over 15 000 barn mellom 10 og 12 år som har deltatt i spørreundersøkelsen Ungdata junior.

  • Gul fasade på et eldre boligbygg med mange leiligheter og parabolantenner på balkongene.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    – På tide å reformere den kommunale boligsektoren i Oslo

    – Det er mange dilemmaer og utfordringer knyttet til den kommunale boligsektoren.

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 14.12.2018Sist oppdatert: 31.07.2024
Sonja Balci

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Det er viktig å setje inn tiltak der ungdommen er. Det må lagast gode og trygge møteplassar i nærmiljøet.

Christer Hyggen
Portrett Christer Hyggen

Om studien

Prosjektet er bestilt og finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet. Bakgrunnen for rapporten er ønskt til departementet om meir kunnskap om følgja av å vekse opp i ein familie med svak økonomi. Kunnskapsoppsummeringa er gjennomført av forskarar frå tre institutt ved Senter for velferds – og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet