Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Difor har ungdom vorte mindre valdelege

Difor har ungdom vorte mindre valdelege

Valdsbruken blant ungdom er halvert dei siste åra. Ei viktig forklaring til dette er at ungdom drikk mindre alkohol, viser ein ny studie utført av forskarar ved NOVA på OsloMet.

Ung mann som lener seg mot ein graffitifylt vegg.

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 03.09.2018Sist oppdatert: 12.07.2023
Halvard Dyb

I ein artikkel i tidsskriftet Journal of Youth and Adolescence presenterer stipendiat Lars Roar Frøyland og professor Tilmann von Soest funn frå ei undersøking av unge valdsutøvarar i Noreg.

Markert nedgang i ungdomsvalden

Studien viser at andelen av unge i alderen 18–20 år som fortel at dei har brukt fysisk vald i løpet av det siste året, er halverte i perioden frå 2007 til 2015. Dette gjeld både gutar og jenter.

Blant gutane fann forskarane ein nedgang frå 23 til 13 prosenten, medan dei tilsvarande tala for jentene var på 24 og 12 prosent. Bak tala skjuler det seg ei rekkje ulike typar valdshandlingar.

Funna stadfestar tidlegare internasjonale studiar som også viser ein nedgang i omfanget av valdsutøving blant ungdom.

Drikk mindre

Prosjektet er det første som undersøkjer kva årsakene til den nedovergåande trenden i sjølvrapportert valdsutøving blant ungdom kan vera.

I same periode har det vore ein nedgang i både alkoholkonsumet til ungdommane og det å bli utsett for vald i heimen. Ifølgje forskarane er det ein klar samanheng mellom desse endringane og den observerte nedgangen i ungdomsvalden.

Det mest vanlege offeret for begge kjønn er unge dei kjenner frå før.

Lars Roar Frøyland

Frøyland og von Soest har òg sett nærare på ungdommanes sosioøkonomisk ressursar, personlegdomsfaktorar, mental helse og dessutan ei rekkje mål på sosiale relasjonar til foreldre og venner. Dei finn ikkje støtte for at desse faktorane har noko å seia for nedgangen i valdsbruk.

Finn kjønnsforskjellar

Forskarane har òg analysert skilnader i bruk av fysisk vald blant jenter og gutar. Det er først og fremst i meir alvorlege typar av fysisk valdsutøving som slag og spark at det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret trer fram, der gutar er den vanlegaste utøvaren. Kjønnsforskjellane er mindre synlege i mildare typar av valdsutøving.

Analysane viser at det òg er kjønnsforskjellar når det gjeld målet for aggresjonen.

– Det mest vanlege offeret for begge kjønn er unge dei kjenner frå før, seier Frøyland. Gutar rapporterer derimot langt oftare enn jenter å ha brukt vald mot ukjende ungdommar. Blant jenter er aggresjonen retta mot kjende, både jamaldra, kjærastar og søsken.

Hengjer mindre ute

Forskarane ser ikkje bort frå at vidare forsking på temaet kan avdekkja andre faktorar som kan bidra til å forklara nedgangen i ungdoms sjølvrapporterte valdsbruk.

– Me kjem nok til å jobba vidare med forstå tidstrendar knytt til valdsbruk blant ungdom. Spesielt spennande vil det vera å kunna sjå nærare på om den digitale kvardagen ungdommane veks opp med no, har noko å seia for valdsutøving og andre former for problemåtferd, fortel Frøyland.

Ifølgje von Soest har den tida ungdom bruker utan å vera under oppsyn av vaksne, tradisjonelt sett vore rekna som ein viktig faktor for å forklara førekomsten av ei rekkje former for problemåtferd.

Med dagens tidsbruk på skjermunderhaldning er det naturleg at unge òg bruker mindre tid ute på denne måten.

Fritidsaktivitetane til ungdom er òg i større grad enn før organiserte og under oppsyn av vaksne. Det har rett og slett vorte mindre vanleg at ungdom møtest i større grupper i fritida og berre heng rundt. Det kan vera ei viktig forklaring for nedgangen av vald blant ungdom, forklarer von Soest.

Ressursar

  • Frøyland, L.R. & von Soest.,T. (2017). Trends in the Perpetration of Physical Aggression among Norwegian Adolescents 2007–2015. Journal of Youth and Adolescence (ncbi.nlm.nih.gov)
  • Valdsprogrammet ved NOVA, OsloMet

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 07.02.2018.

Kontakt

  • Lars Roar Frøyland

    Lars Roar Frøyland

    • Forsker I
    • +47 672 35 984

Relatert forsking

  • Ei jente som sit mellom to tre.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Korleis møter barnevernet minoritetsjenter utsett for vald og sterk kontroll?

    Klarer barnevernet å hjelpa unge minoritetsjenter som opplever sterk sosial kontroll og vald heime?

  • Kvinne som har kaster høstløv opp i lufta.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Voldsutsatte får hjelp til å takle hverdagen

    Mange voldsutsatte kvinner har det tøft etter opphold på krisesenter. Nå har NOVA ved OsloMet evaluert tiltaket Ressursvenn, der frivillige stiller opp for å hjelpe de voldsutsatte tilbake til hverdagen.

  • Nærbilde av en elektronisk fotlenke festet til et ben.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Hvorfor blir omvendt voldsalarm så lite brukt?

    Terskelen for å ta i bruk omvendt voldsalarm er for høy, viser en studie fra OsloMet. Hvorfor er det slik?

  • Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

    Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.

Fleire forskingsnyheiter

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 03.09.2018Sist oppdatert: 12.07.2023
Halvard Dyb

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Om prosjektet

Forskingsprosjektet «Ein studie av unge valdsutøvarar i Noreg – vernande faktorar og risikofaktorar» er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av «Forskingsprogram om vald i nære relasjonar» ved NOVA.

Artikkelen baserer seg på data frå dei landsrepresentative undersøkingane UngVold 2007 og UngVold 2015, og omfattar svar om sårbarheit for og utøving av vald frå omtrent 11 000 elevar i siste trinn på vidaregåande skule rundt om i Noreg.