Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Aktivitetsven for personar med demens

Aktivitetsven for personar med demens

Dette prosjektet skal undersøkje korleis ordninga med aktivitetsven for personar med demens fungerer.

Periode
01.03.2018 – 01.04.2019
Finansiering
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Prosjekteier
  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Prosjektleder
  • Jardar Sørvoll
Prosjektnummer
200798

Frivillig arbeid blir nemnt som eit viktig bidrag til helse- og omsorgspolitikken i sentrale offentlege dokument som Demensplan 2020, Folkehelsemeldingen (Meld. St. 19 2014–2015) og den nasjonale strategien for frivillig arbeid (2015–2020).

Ein del av det frivillige arbeidet i helse- og omsorgssektoren blir retta mot personar med demens – ein diagnose som vil bli meir utbreidd fram mot 2040 parallelt med utviklinga av eit stadig meir aldrande samfunn.

Temaet for forskingsprosjektet er eit frivillig tilbod som blir gjennomført som eit samarbeid mellom frivillige og det offentlege i over 200 kommunar over heile landet.

Ifølgje nettsida til Nasjonalforeininga for folkehelsa er ein aktivitetsven «ein frivillig, som med kurs og rettleiing frå Nasjonalforeininga for folkehelsa, gjer aktivitetar saman med ein som har demens».

Sjølv om aktivitetsvener yter ein stor innsats i mange norske kommunar, veit vi lite systematisk om funksjonen av ordninga i den kommunale omsorgspolitikken, og dessutan dens betydning for frivillige og personar med demens. Det grunngir eit forskingsprosjekt som analyserer aktivitetsvenordninga på bakgrunn av kvalitative og kvantitative data.

Forskingsspørsmål

I prosjektet tek vi sikte på å svare på følgjande spørsmål særskilt grundig:

  • Kven er aktivitetsvenene? Kva er dei demografiske kjenneteikna deira (kjønn, alder, utdanning etc.)? Kan vi snakke om ulike typar (kategoriar) aktivitetsvener?
  • Kva motiverer personar til å bli og halde fram med å vere aktivitetsven?
  • Kva kjenneteiknar dei som held fram som aktivitetsven over lang tid (personlege, organisatoriske og kommunale kjenneteikn)? Kva kan forklare at andre sluttar etter kort tid?
  • Kva erfaringar har ein med å vere aktivitetsven? Kva er gevinstane og utfordringane med å vere aktivitetsven, og kva faktorar påverkar desse erfaringane?
  • Kva er styrkar og svakheiter ved organiseringa og gjennomføringa av aktivitetsven tilbodet?

Desse problemstillingane blir svarte på ved hjelp av ein survey retta mot mange aktivitetsvener og kvalitative intervju. Resultata av prosjektet blir også relaterte til den nasjonale og internasjonale forskingslitteraturen om frivilligheit.

Prosjektdeltakere

  • Jardar Sørvoll

    Jardar Sørvoll

    • forsker I
    • +47 672 36 786

Eksterne deltakere

  • Thomas Hansen

Forskningsgrupper

  • Aldersforskning og boligstudier

Aktuelt frå prosjektet

  • Illustrasjonsbilde av to eldre kvinner som spiller kort.
    • Helse og sosialt arbeid
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Demenshjelpere inspireres av å være til nytte og glede for andre

    Frivillige aktivitetsvenner motiveres av ønsket om å hjelpe andre, men i like stor grad av at det er interessant, lærerikt og meningsfullt, ifølge en studie fra NOVA.

Publisert: 28.11.2018Sist oppdatert: 20.11.2023

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Publikasjonar

Sørvoll, J. & Hansen, T. (2019). Aktivitetsvenn. En studie av et frivillig tilbud rettet mot personer med demens med vekt på de frivilliges erfaringer. NOVA Rapport 4/19 (oda.oslomet.no).