Inhibitor-mediert programmering av glykoformer (IMProGlyco)
Prosjektet utviklar metodar for å endre den naturleg forekommande karbohydratoverflata (såkalla glykokalyks) som finst på alle celleoverflatene hos menneske.
For publikum er karbohydrat mest kjent for å gi energi, men det finst andre typar karbohydrat i kroppen. Oppgåva deira er blant anna å vere byggesteinar og gi vern.
Kjente eksempel på denne typen karbohydrat er heparin (karbohydratbaserte antikoagulant), hyaluronsyre (karbohydratbasert smørjemiddel og også funne i skjønnheitskremar) og ABO-blodgrupper (glykokalyks hos raude blodceller).
I legemiddelindustrien har biologiske medisinar for behandling av kreft blitt ei suksesshistorie. For behandling av andre typar kreft har immunforsterka celleterapi, såkalla CAR-T-cellebehandling, vist seg å vere lovande.
Vi deltar no i eit EU-leidd konsortium som vil utvikle metodar for å endre karbohydratmaskineriet til cella. Formålet er at biologiske medisinar og CAR-T-cellebehandling kan gjerast endå meir effektiv.
Prosjektdeltakere
Eksterne deltakere
- Professor Michael Webb, University of Leeds
- Professor Bruce Turnbull, University of Leeds
- Professor Darren Tomlinson, University of Leeds
- Dr. Christian Tiede, University of Leeds
- Dr. Darren Machin, University of Leeds
- Professor Dani Ungar, University of York
- Professor Jamie Wood, University of York
- Dr. Alasdair Kay, University of York
- Caitlin Carroll-Adams, University of York
- Dr. Iain Wilson, University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna
- Maria John, University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna
- Dr. Robert Dunne, GlycoSelect
- Dr. Amy Pearce, GlycoSelect
- Dr. Sebastian Walchli, Oslo universitetssjukehus


