Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Klimaplanar i norske kommunar

Klimaplanar i norske kommunar

For å motverke klimaendringane må aktørar på alle styringsnivå bidra i arbeidet med å kutte utslepp. Men korleis står det eigentleg til med klimaplanlegginga i norske kommunar?

Periode
01.01.2024 – 31.12.2028
Prosjekteier
  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR
Prosjektleder
  • Juni Jørgenvåg Lund

Norske kommunar kontrollerer sektorar som er viktige for å redusere klimagassutslepp, sånn som arealplanlegging, avfallshandtering og trafikkontroll. I tillegg er dei pålagde å planlegge for reduksjon av utslepp gjennom statlege planretningslinjer. 

I praksis har nesten alle kommunar ein dedikert klimaplan og/eller klimaplanlegging inkorporert i den generelle kommuneplanen (Kommuneplanens samfunnsdeldel). Det er i desse dokumenta at kommunane beskriv klimatiltaka sine. Det er likevel stor variasjon i korleis denne klimaplanlegginga ser ut frå kommune til kommune. 

Ved hjelp av ulike metodiske tilnærmingar utforskar dette doktorgradsprosjektet klimaplanane til kommunane – kva dei inneheld, kva kommunekarakteristikkar som er knytte til ambisiøse planar og korleis desse planane blir implementerte. 

Publisert: 13.10.2026Sist oppdatert: 13.10.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring