Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Norfunds arbeid med likestilling

Norfunds arbeid med likestilling

Prosjektet studerer Norfunds likestillingsarbeid for å forstå kva moglegheiter og dilemma som påverkar måloppnåing på kort og lang sikt.

Periode
15.03.2024 – 01.11.2025
Finansiering
Utenriksdepartementet
Prosjekteier
  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR
Prosjektleder
  • Marianne Millstein
Prosjektnummer
203864

Norfund er Noregs viktigaste verktøy for å realisera FNs berekraftsmål gjennom investeringar og kapasitetsbygging av næringsliv i land i sør, særleg Afrika sør for Sahara. Dette prosjektet vil studera delar av Norfunds strategiske og konkrete likestillingsarbeid. Målet er å få meir kunnskap om og betre forståing av moglegheiter og dilemma som påverkar korleis Norfund lykkast med likestillingsarbeidet på kort og lang sikt.

Likestilling er eit tverrgåande tema i norsk utviklingspolitikk og i Norfunds arbeid. Samtidig har fondet eit mandat om å gjera investeringar der risikoen er høg og i kontekstar der likestillingsmål kanskje må vegast opp mot andre utfordringar og/eller der det vil krevja meir langsiktig endringar for å styrkja likestilling. Det vil med andre ord vera ulike strategiske og konkrete moglegheiter og dilemma, avhengig av den lokale konteksten, som vil påverka korleis Norfund lykkast med likestillingsarbeidet på kort og lang sikt.

Prosjektet kan bidra med innsikt i og kunnskap om Norfunds likestillingsarbeid, som er eit viktig bidrag i gjennomføringa av Handlingsplan for kvinners rettar og kjønnslikestilling i Noregs utanriks- og utviklingspolitikk (2023-2030). 

Norfund har eit breitt definert utviklingsmandat og rolle som kan påverka transformative endringsdrivarar som er avgjerande for å fremja likestilling. Norfund har også ei særleg viktig rolle i arbeidet med å realisera  målet i handlingsplanen 3 (like økonomiske rettar og moglegheiter til å delta i arbeidslivet) og mål 5 (rett og moglegheit til å delta i arbeid for klima, energi og mattryggleik). 

Endeleg rapport: NIBR-rapport 2026:2 (nva.sikt.no)

Prosjektdeltakere

  • Marianne Millstein

    Marianne Millstein

    • forsker I
    • +47 672 35 678

Eksterne deltakere

  • Mina Mariussen, Norfund
Publisert: 07.04.2025Sist oppdatert: 15.05.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Meir om prosjektet

Prosjektet vil studera utvalde delar av Norfunds strategiske og konkrete arbeid med likestilling, og studium av erfaringar med tilskotsordninga "Business support" i med fokus på kapasitetsbyggingsprosjekt i utvalde afrikanske land. 

Gjennom deskstudie og intervju med Norfund og utvalde bedrifter/partnarar skal prosjektet utforska korleis det strategiske likestillingsarbeidet er organisert og kva verkemiddel som blir brukte, og korleis det blir følgt opp på ulike nivå; få auka kunnskap om og forståing av moglege dilemma som kan oppstå i arbeidet med likestilling som eit tverrgåande tema; og identifisera positive erfaringar så vel som barrierar i lokalt likestillingsarbeid. 

Erfaringar og barrierar vil diskuterast i lys av oppdatert forsking om ansvarleg næringsliv og likestilling i eit utviklingsperspektiv, inkludert litteratur om sosialt ansvarlege bedrifter (social enterprises), sosial entreprenørskap og innovasjon.