Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Sjølvskading og effekten av manual for samtaleterapi

Sjølvskading og effekten av manual for samtaleterapi

Prosjektet skal undersøkja gjennomførlegheita og effekten av manualen for samtaleterapi i møte med sjølvskadingstrong og -åtferd hos unge vaksne.

Periode
01.11.2021 – 31.12.2023
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for helsevitenskap (HV)
  • Institutt for atferdsvitenskap (AV)
Prosjektleder
  • Børge Strømgren
Prosjektnummer
2522860

Manualen "T-SIB/Treatment for self-injurious behavior" er nyleg omsett til norsk og består av ni vekevise økter på ein time kvar der det som går føre seg er eit samarbeid mellom terapeut og klient for å finna årsaka til sjølvskadingstrong og -åtferd, og dessutan identifisera alternativ åtferd som kan erstatta sjølvskadinga.

I tillegg vil klienten gjera heimeoppgåver mellom timane, som blir diskuterte i neste økt. Gjennomførlegheita blir målt ved hjelp av eit avkryssingsskjema for behandlingsintegritet.

I tillegg vil  deltakarane bli oppmoda til å fylla ut ei fornøgdhetsundersøking med ein ratingskala. Det er inga behandling av sår eller andre behandlingstrengande skadar, desse blir behandla av fastlege eller legevakt som vanleg.

Deltakinga er frivillig og baserer seg på eit informert samtykke. Intervensjonen skal berre undersøkja funksjonen av sjølve sjølvskadingsåtferda, og adresserer ikkje behandlingstrengande diagnosar direkte.

Dersom klienten blir rekruttert ut frå ei venteliste, vil ikkje deltaking i dette prosjektet komma i vegen for behandlinga vedkommande står på venteliste for.

Deltakaren står fritt til å halda fram eller avslutta deltakinga i prosjektet på bakgrunn av ei vurdering med behandlaren sin. Samtidig behandling av eventuell komorbiditet må deltakaren gjennomføra med behandlaren sin på avdelinga dei er vist til.

Prosjektdeltakere

  • Børge Strømgren

    Børge Strømgren

    • førsteamanuensis
    • +47 672 36 440

Eksterne deltakere

  • Stian Slotnes Larsen, St. Olavs hospital
Publisert: 20.04.2023Sist oppdatert: 08.04.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring