Shayan Harati-Shahriari  og Nada Youssef Alali sitt på ein benk i Pilestredet, foran ein av OsloMets bygningar.

1 million i utdanningsstipend til OsloMet-studentar

Våren 2025 fekk 70 OsloMet-studentar til saman 1 million kroner i utdanningsstipend frå Anthonstiftelsen. Formålet er å stimulere til å fullføre utdanning, bli ein positiv rollemodell for andre og bidra med ny arbeidskraft inn i samfunnet. – Det er stort å bli sett og anerkjent på denne måten, seier Nada Youssef Alali.

Nada går tredje året på bachelor i sosialt arbeid ved OsloMet og er ein av studentane som har fått tildelt støtte frå Anthonstiftelsen. Ho er opphavleg frå Syria og har budd i Noreg i åtte år. Motivasjonen hennar for å ta denne utdanninga er å kunne hjelpe andre: 

– Eg har sjølv vore innvandrar her, og eg veit kor viktig og trygt det er for andre å ha ein person med same bakgrunn som behandlar eller rettleier.  

Nada Youssef Alali ute på fortauet i Pilestredet i Oslo.

– Det er stort å bli sett og anerkjent på denne måten, seier Nada Youssef Alali. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Høgare utdanning ein viktig faktor 

Motivasjonen bak utdanningsstipend er å vere med å utvikle eit tryggare, meir inkluderande samfunn for barn og unge. Stipendet blir tildelt studentar som utdannar seg til å hjelpe andre.

Dagleg leiar i stiftelsen, Eirik Lundblad, meiner tildelingane er ei viktig anerkjenning av ungdom som er på rett veg.

– Det å komme seg gjennom høgare utdanning er viktig for å kunne vere ein god rollemodell og bli ein bidragsytar i samfunnet, seier han. 

Samarbeidet fann ei ny form 

Anthonstiftelsen har samarbeidd med OsloMet og støtta studentar herfrå i ei årrekke. Våren 2025 stod samarbeidet i fare for å bli avslutta, då avdelinga som administrerte tildelinga melde om manglande kapasitet. 

Då dette kom dagleg leiar i Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI), Anka Ødegaardshaugen for øyret, tok ho grep. 

– Vi kan ikkje fråta studentane denne moglegheita, meinte ho.  

Dermed etablerte KAI-leiaren eit team med utgangspunkt i OsloMet Holmlia og førte vidare arbeidet. 

– Utdanningsstipend fremmar arbeidsinkludering ved at det bidrar til at fleire tar utdanning og kjem i jobb, seier ho.

Meistring og moglegheiter 

OsloMet Holmlia er ein viktig node i å bidra til å famne om inkluderingsutsette. Prosjektet jobbar langsiktig og strategisk for å motverke utanforskap i arbeidslivet – særleg når det gjeld ungdom med fleirkulturell bakgrunn. 

Mette Tollefsrud, prosjektleiar ved OsloMet Holmlia meiner Anthonstiftelsen sin visjon «meistring og moglegheiter for barn og unge» korresponderer med OsloMet Holmlia målsettingane sine.  

– Vi ser på studentane som den fremste ressursen i universitetet og som rollemodellar i møte med barn og ungdom, seier prosjektleiaren. 

Mette peikar på at 83 prosent av studentane på OsloMet har bustadadresse i bydelar aust og sør i Oslo – og at desse bydelane ønsker å behalde studentane som framtidig arbeidskraft. 

– Som framtidige yrkesutøvarar vil dagens studentar bidra til å styrke evna samfunnet har til å møte og støtte befolkninga på ein best mogleg måte.

Mette Tollefsrud og Eirik Lundblad står ansikt til ansikt foran ein gul vegg med eit stort fotografi av ein ung mann.

Mette Tollefsrud, prosjektleiar for OsloMet Holmlia og Eirik Lundblad, dagleg leiar for Anthonstiftelsen. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Fleirkulturell bakgrunn som ein styrke 

Ved tildeling vektla Anthonstiftelsen kvar enkelt student si evne og vilje til å gjennomføre høgare utdanning, og ønskte å støtte studentar som gjennom det framtidige yrket sitt kan bli gode rollemodellar for minoritetsungdom.

Shayan Harati-Shahriari er ein av studentane som har fått innvilga støtte. Han er tredjeårsstudent på Sosialt arbeid, har iranske foreldre og er deltakar i prosjektet «Hvor er mine brødre», eit prosjekt som jobbar for å få fleire menn med fleirkulturell bakgrunn til å sjå moglegheitene innan høgare utdanning.

– Prosjektet handlar jo om utdanning, men det handlar også om å vinne i livet, seier Shayan. 

Han er veldig medviten om det å vere ein god rollemodell og å gjere noko positivt for neste generasjon. 

– Eg skjønte at kvalitetane mine og bakgrunnen min kunne vere ein styrke innanfor dette feltet, seier Shayan. 

Han har tidlegare jobba på ungdomsinstitusjon. Da han begynte der, blei han spurt om han var bebuar, fordi det var så uvanleg å møte ein mann med bakgrunnen hans som tilsett. 

– Det er noko med det å vise kva som er mogleg, seier han. 

Shayan Harati-Shahriari sitt på ein benk i Pilestredet i Oslo.

– Ha eit mål, tru på deg sjølv, og at du klarer det. Tenk: Høgare utdanning er noko for meg, seier Shayan Harati-Shahriari. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Vil gi noko tilbake 

Både Nada og Shayan ser på stipendtildelinga som ei viktig anerkjenning.

– «Vi ser deg, og vi ser kva du gjer» – det er ei anerkjenning, seier Shayan.

Nada kombinerer no studiane med jobb som tolk. Framtidsplanane hennar er å søke psykologistudiet og til slutt jobbe som familierettleiar. Stipendet er med på å motivere henne til det vidare studieløpet. Ønsket hennar er å kunne bidra tilbake til samfunnet:

– Eg var velkommen i det norske samfunnet, så no vil eg gi noko tilbake

Både Nada og Shayan har ei klar oppfordring til andre unge med fleirkulturell bakgrunn:

– Ha eit mål, tru på deg sjølv, og at du klarer det. Tenk: Høgare utdanning er noko for meg. 

Mogleg framtidig forskingssamarbeid 

KAI og OsloMet Holmlia vurderer no saman med Anthonstiftelsen å etablere eit forskingsprosjekt for å undersøke langtidseffektane av denne typen støtteordningar og i kva grad dei bidrar til arbeidsinkludering blant unge med fleirkulturell bakgrunn. 

Anthonstiftelsen

  • Anthonstiftelsen jobbar for at vanskelegstilte barn og unge skal få betre oppvekstvilkår og livskvalitet gjennom finansiering av inkluderande aktivitetar, utdanningsstipend og ulike prosjekt som inkluderer barn og unge som er i ein krevjande livssituasjon eller fell utanfor av ulike årsaker.
  • Anthonstiftelsen blei oppretta 17. oktober 1975, som Reidar og Gunnar Holsts Legat, ei allmennyttig stifting.
  • Dei siste 20 åra har stiftinga delt ut totalt 135 millionar kroner. 
  • Anthonstiftelsen støttar per i dag omtrent 120 organisasjonar, blant anna fleire vidaregåande skolar i levekårsutsette område. 
  • Les meir om Stipend frå Anthonstiftelsen på stipendportalen.no.
  • Ny tildeling av stipend frå Anthonstiftelsen er planlagd å skje våren 2026. 
Publisert: 22.08.2025 | Tekst og foto: Tove R. Nilsen