Feiringa av 90 år med barnehagelærarutdanning fann stad 2. til 4. september 2025.
På bursdagsfesten den 2. september, hadde vi besøk av rundt 200 barnehagebarn som deltok i skapande aktivitetar og leik på studiestad Pilestredet.

Barn og vaksne følgde konsentrerte med då Elisabeth Anvik, Liv Anna Hagen og Jostein Hasselgård frå musikkseksjonen heldt minikonsert. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

I gymsalen var det aktivitetesløyper for barn. Foto: Benjamin A Ward / OsloMet
Barna besøkte leikestasjonar i festivalteltet, og kunne dele sine tankar og drøymer om framtidas barnehage i spåteltet. Dei boltra seg med aktivitetsløype i gymsalen, og høyrde på forteljingar og musikk inne i Pilestredet 52.

Det var yrande liv i og utanfor festivalteltet ved Pilestredet 52. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Rektor Christen Krogh (t.h.) snakka om utviklinga barnehagelærerutdanninga har gått gjennom frå oppstarten av Barnevernsakademiet den 2. september 1935 og til i dag. Dekan Roger André Federici (t.v.) delte nokon historier frå da han sjølv gjekk i barnehage. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet
I tillegg hadde vi endå fleire deltakande vaksne på det faglege programmet: studentar, tilsette i barnehagar, noverande og tidlegare kollegaer ved barnehagehagelærarutdanninga ved OsloMet og samarbeidspartnarar frå inn- og utland.
Trefte mange ulike målgrupper
Instituttleiar Kristin Danielsen Wolf fortel at tilsette ved instituttet har fått tilbakemeldingar om at jubileumsarrangementa har vore interessante og varierte, og at dei trefte mange ulike målgrupper.

Heile salen syng bursdagssongen, og instituttleiar Kristin Danielsen Wolf har fått bursdagskrone av rektor og dekan. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Synnøve Mjeldheim Skaar, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (i midten) opna arrangementet. Her tar rektor Christen Krogh ein selfie saman med statssekretæren og instituttleiar Kristin Danielsen Wolf. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet
– Vi er glade for å ha fått synleggjort mange sider ved barnehagelærarutdanninga gjennom tidene, både fortid, notid og framtid. Arrangementa har løfta fram utdanninga, samarbeid med eksterne aktørar, og forskings- og utviklingsarbeid ved instituttet, seier Wolf.
Eit gyllent høve til å løfte fram barnehagelærarutdanninga
Ho meiner verdien ved å markere slike jubileum ligg i at vi stoppar opp litt og set av tid til ettertanke og refleksjon.
– Når 90-årsjubileet også fell på ei tid med utfordringar knytte til søkkande søkartal og rekruttering til både barnehagelærarutdanninga og barnehagefeltet, var dette eit gyllent høve til å fortelje andre historier om det å utdanne seg til lærar for barn i barnehagen, og om det å arbeide i barnehage.

Sjølvaste Trond-Viggo Torgersen heldt ein standup-konsert som tiltrekte seg mange publikummarar. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Samarbeidspartnarar frå India var blant dei internasjonale gjestene under jubileet. Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet
Ho fortel at arbeidet med ny felles rammeplan for alle lærarutdanningane representerer ei mogleg kommande brytningstid for barnehagelærarutdanninga.
– Nettopp i slike tider er det nyttig å minne oss sjølve om historia og fundamentet til utdanninga. Dette er vesentleg og viktig når vi skal vidareutvikle og fornye barnehagelærarutdanninga for framtida, seier Wolf.