Rasisme og diskriminering - korleis påverkar det unges tillit til samfunnet? v/Åsne Danielsen, Mathilde Hjelle & Mariann Stærkebye Leirvik
Vi tar opp tema knytt til rasisme og diskriminering og korleis dette heng saman med tillit i samfunnet. Målet er å inspirere elevane til å reflektere over korleis rasisme og diskriminering kan komme til uttrykk i Noreg og i deira eige lokalsamfunn spesielt. Vi ønsker også å belyse korleis det å bli utsett for rasisme kan påverke tilliten til mellom anna politiet, skulen, arbeidsgivararar og politikarar. Etter ein kort fagleg introduksjon til temaet vil opplegget bestå av minst to ulike aktivitetar:
- Påstand og refleksjon - elevane får ulike påstandar dei skal ta stilling til og reflektere rundt
- «Kast ein terning» – scenariobasert rollespel
Opplegget er knytt til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i læreplanen og til tillit, som er temaet for årets Forskingsdagar.
Trinn: 9. og 10. trinn
Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar
Institutt: By- og regionforskningsinstituttet NIBR, avdeling for internasjonale studier og migrasjon
Mini-organ på laboratoriet: Slik forskar vi på kreft v/Viola Lobert
Viola Lobert forskar på organoidar, mini-organ som kan dyrkast på laboratoriet og som liknar organ i kroppen vår. Ho skal forklare korleis desse blir dyrka, korleis vi kan analyse dei, og korleis dei kan hjelpe oss med å behandle kreft betre. Det vil vere korte aktivitetar der elevar jobbar i grupper.
Trinn: 9. og 10. trinn
Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar
Institutt for Maskin, Elektronikk og Kjemi. Forskingsgruppe Reproduktiv helse hos menn.
Beredskap, sikkerheit og demokrati v/Tereza Østbø Kuldova
I ei tid med krig i Europa, klimakrise og rask teknologiutvikling utforskar vi kva omgrep som totalforsvar, beredskap og samfunnssikkerheit betyr. Korleis ønsker vi å oppnå sikkerheit i eit demokratisk, fritt og ope samfunn?
Demokrati, fridom, openheit og tillit kan vi forstå som styrke, men det kan også gjere oss sårbare. Når vi blir redde for spionasje, sabotasje, krig eller dataangrep, er det lett å ty til meir overvaking, strengare kontroll, og inngripande sikkerheitstiltak som innskrenkar fridomane våre. Men risikerer vi da at sikkerheitstiltaka øydelegg dei verdiane dei var meint å beskytte? Kan tilliten samfunnet vårt er bygd på, forvitre? Elevane blir utfordra til å tenke kritisk om spenningar knytt til sikkerheitstiltak i eit liberalt demokrati.
Tereza Østbø Kuldova er Forskingssjef ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) ved OsloMet og er sosialantropolog.
Opplegget er knytt til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap i læreplanen, og til tillit, som er temaet for året Forskingsdagar.
Opplegg: 30 min føredrag + 30 min gruppearbeid
Klasse: 9 og 10. trinn
Anbefalt gruppestorleik: 25-30 elevar