Støtta er ein del av nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur. 

Prosjektet skal bygge vidare på den eksisterande datainfrastrukturen for samfunnsvitskap og humaniora som Sikt forvaltar på vegner av miljøa. Målet er å gjere eit enklare for fleire å finne, bruke og dele ulike typar data på tvers av fagmiljø.

– Vi la ned mykje arbeid i søknaden til Nordi-PARQ-prosjektet, så vi var veldig glade då tildelinga var klar, seier Katharina Herlofson (NOVA, OsloMet).

Saman med kollegaene Tale Hellevik, Hanna Vangen, Gøril Kvamme Løset, Marlene Persson og Linn S. Holst frå NOVA representerer ho OsloMet i prosjektsamarbeidet.

– Ein sentral del av prosjektet er vidareutvikling av forskingsinfrastrukturen ACCESS Life Course som vi har investert mykje tid og ressursar i.

Gjennom ACCESS blir paneldataa frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) lettare tilgjengelege for forsking og undervisning.

– Dette handlar ikkje berre om NorLAG. Målet er at løysingane etter kvart også skal kunne brukast på andre komplekse forskingsdata, inkludert kvalitative data, understrekar Herlofson.

Meir om prosjektet

NORDI-PARQ står for Norwegian Open Resarch Data Infrastructure-Paneldata, Relational Data and Qualitative Data. Det er ei vidareføring av NORDi-prosjektet som i si tid blei starta av NSD (no Sikt), med mål om å utbetre infrastrukturen ut for paneldata, relasjonsdata og kvalitative data.

Sikt leier prosjektet og har ansvar for arkitektur, utvikling og drift. Prosjektpartnarar er NOVA ved OsloMet, CESSDA ERIC, UK Data Service, og Universitetet i Bremen.

Prosjektet startar i 2027 og varar til 2032.

Les meir om prosjektet (sikt.no). 

Kontakt