Instituttet lyser ut interne strategimidlar, såkalla såkornmidlar, for tredje år på rad, for 2027.
Føremålet er å stimulere til innovative og lovande initiativ til forsking og utdanning, i samsvar med OsloMet sin strategi mot 2050.
Dette skal bidra til realisere universitetet sine substrategiar for forsking og utvikling, samfunnsforbetringar og utdanning, og er også i samsvar med strategien til Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) for 2025 – 2029, og instituttet sine eigne ambisjonar og prioriterte område.
Støtte til framifrå og realistiske idear
Midlane skal gå til framifrå og realistiske idear som det elles ikkje ville ha blitt teke initiativ til, og få dei til å vekse til langsiktige berekraftige satsingar.
Det vert løyvd såkornmidlar til forsking og utdanning for eitt år, med løyvingar på 25.000 til 100.000 kroner. Elles vert det løyvd såkalla «proof of consept»-midlar til forsking på 100.000 til 400.000 kroner totalt, fordelt over to år.
I alt er budsjettet for 2027 på 2.62 millionar kroner.
Målet er å gje grunnlag for eksterne midlar
Målet med såkornmidlane til forsking er å utvikle ein forskingside med sikte på å få eksterne forskingsmidlar.
– Det er eit pluss om det er ein klar plan for ein søknad om eksterne midlar, seier instituttleiar André Brodtkorb, som legg til at målet er å gje startmidlar til forskningsidéar som kan lukkast i kampen om eksternfinansiering.
Målet med «proof of Consept»-midlane er å utvikle forsking som synleg peikar mot å få eksterne forskingsmidlar.
– Kravet er at dette skal føre til forskingssøknader med høg kvalitet. Det er ikkje ei direkte støtte til sjølve forskinga, men støtte til utvikling av forskingsidéar, konsortium og søknader som kan konkurrere om å få store eksternfinansierte prosjekt.
– Det er rett og slett for å setje oss i stand til å vinne i konkurransen om store forskingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt..
Målet med såkornmidlane til utdanning er å styrke utdanningskvaliteten på instituttet. Det er eit krav om at tiltaket fører til varig forbetring av utdanningskvalitet etter prosjektperioden.
– Alt vi gjer for studentane våre, har ein enorm samfunnsmessig verdi, seier Brodtkorb, som med det meiner at midlane kan får store ringverknader.
Slik kan midlane nyttast
Såkornmidlane til forsking kan til dømes nyttast til å tilsette studentassistentar, reiser for å byggje nettverk, organisere workshopar, seminar og aktivitetar, invitere internasjonale samarbeidspartnarar, mindre kostnader til datainnsamling, programvare og analytiske verktøy, og byggje partnarskap.
Såkornmidlane til utdanning kan til dømes gå til å utvikle og prøve ut nye undervisningsmetodar og læringsaktivitetar, pilotprosjekt for digitale verktøy og læringsplattformer, samarbeid med studentar i utvikling av pensum og utdanning, samarbeid med eksterne partnarar og læring, seminar, workshopar eller små kurs knytt til innovasjon i pedagogikk og innovasjon i utdanning.
Det er tredje gongen instituttet lyser ut slike midlar, det vart tildelt 1,3 millionar i 2025, og 2,4 millionar i 2026, og budsjettposten for 2027 aukar satsinga på forsking og utdanning ved instituttet.
Alle får ekstern evaluering
– Denne søknadsrunden vil truleg ha ein god effekt i seg sjølv for å setje oss betre i stand til å konkurrere om eksternfinansiering, fordi alle søknadene blir sendt til ein ekstern generalist-evaluator. Det er ein ekstern forskar med generalistkompetanse og mykje erfaring i forskingssystemet knytt til ekstern finansiering
– Og denne evaluatoren gjev tilbakemelding om kva ein bør tenkje på.
– Det er ikkje sikkert at kvar enkelt søknad går gjennom, men det kjem i alle fall tilbakemelding til søkarane om kva ein bør tenkje på, og kva som ikkje er tydeleg nok i søknadene.
– Effekten av dette, er at dei får same typen tilbakemelding som ein ville fått om ein sende det til eksternfinansiering.
Søknadene skal vere korte, då det ikkje er ønskeleg at tilsette bruker mykje tid på å skrive lange søknader.
– For meg er det kjempeviktig å støtte opp om våre tilsette si mogelegheit til å forske og gjennomføre prosjekt som er større enn det ein får til berre med eiga forskingstid.
– Vi nyttar alt titals millionar kroner til å dekkje forskingstid for tilsette. For ein del prosjekt vil det derimot krevje ekstra midlar, til dømes til assistentar, nettverksbygging og internasjonalt samarbeid. Dette kan også vere nyttig i resten av forskarkarrieren, seier Brodtkorb.

