Temanummeret tek utgangspunkt i ei alvorleg utvikling: Norske kommunar har i perioden 2018–2022 bygd ned i gjennomsnitt to fotballbanar med særleg verdifull natur kvar dag.

Samtidig viser ei kartlegging at det er sett av eit område nesten like stort som Hardangervidda til framtidig utbygging. Dette står i kontrast til nasjonale mål om å redusere naturtap og fremje berekraftig utvikling.

Ei sentral utfordring er det fragmenterte plansystemet, der 357 kommunar har hovudansvaret for arealforvaltninga, utan tilstrekkelege verktøy for å sjå heilskapen. Her kan naturrekneskap spele ei nøkkelrolle.

Seks artiklar – seks perspektiv

Temanummeret presenterer seks forskingsartiklar som viser korleis naturrekneskap kan brukast i praksis:

  • Utviklinga av naturrekneskap i Noreg (Randen og Grimsrud) gir ei oversikt over det internasjonale og nasjonale rammeverket for naturrekneskap, forankra i FNs SEEA EA.
  • Samla utbyggingsareal i Kommune-Noreg (Simensen mfl.) brukar satellittdata og befolkningsstatistikk til å dokumentere nedbygging og modellere framtidige scenario.
  • Samskapt styringsinnovasjon i Nordre Follo (Sandkjær Hanssen mfl.) viser korleis naturrekneskap blir brukt i arbeidet med arealnøytralitet og økologisk kompensasjon.
  • Naturrekneskap i planlegging for Oslofjorden (Sander mfl.) peikar på behovet for betre koordinering og finansiering.
  • Grøne tal i kommunal planlegging (Indset og Tvedt) viser at kommunar som brukar naturrekneskap aktivt, i større grad tek omsyn til naturen.
  • Fylkeskommunen si rettleiarrolla (Sandkjær Hanssen og Ruud) analyserer korleis fylkeskommunar støttar kommunane i bruk av naturrekneskap.

Temanummeret blir avslutta med artikkelen «Noreg i raudt, kvitt og grått» (Barton og Venter), som viser korleis eit enkelt naturrekneskap, formidla gjennom samarbeid med journalistar og publikum, kan skape nasjonal merksemd og engasjement.

Les heile temanummeret i «Kart og Plan» (scup.com).

Kontakt