– Forsking har mykje å seie for arbeids- og velferdsområdet, sa statsråden i opningstala si.

Det tradisjonsrike Trygdeforskingsseminaret er ein viktig tverrfagleg møtestad for forskarar, myndigheiter og praktikarar som diskuterer velferdspolitiske utfordringar og nye forskingsfunn. 

– Noreg er eit rikt land, sa Stenseng, og presiserte
– Vår største rikdom, det er arbeidskrafta vår.

Statsråden understreka kor viktig det er å redusere utanforskap og peika på at det er mykje å hente ved å få færre på ytingar og fleire i arbeid.

– Å få dei unge i arbeid er ein av hovudprioriteringane våre, sa ministeren..

Eit arbeidsliv i endring 

Statsråden viste til at over 600 000 personar i Noreg i dag står utanfor arbeid eller utdanning, og meir enn 100 000 er under 30 år.

– Vi har ikkje klart å løyse utfordringa med at så mange unge står utanfor. Då må vi teste nye ting – og vi må måle kva som verkar, sa ministeren.

Ministeren understreka at forskinga er heilt sentral for utviklinga av framtidas arbeids- og velferdspolitikk.

– Vi må bygge politikken på forsking. Erfaringar og enkelthistorier er viktige, men det er ikkje nok. Vi må vite kva som faktisk verkar, sa statsråden.

Målet til regjeringa er at sysselsettingsgrada skal auke frå 80 til 82 prosent innan 2030, tilsvarande om lag 135 000 fleire sysselsette.

Sterkare innsats for unge

Som ein del av prioriteringa til regjeringa av unge blei ungdomsløftet lansert i sommar. Det skal sikre unge under 30 år tilbod om arbeidserfaring, opplæring og tettare oppfølging.

På seminaret blei fleire igangverande prosjekt og forsøk presenterte, blant anna ei ny skatteordning for unge, eit arbeidsretta ungdomsprogram og prosjektet «Eit enklare Nav». Fleire av forsøka skal evaluerast gjennom randomiserte kontrollerte studiar.

– I dette prosjektet jobbar vi med utgangspunkt i individet, sa kunnskapsdirektør i Nav, Yngvar Åsholt då han presenterte «Eit enklare Nav», som etter planen startar hausten 2026.

Prosjektet inneber blant anna éi yting som erstattar fleire ordningar, enklare inngangsvilkår og føreseieleg utbetaling.

Spennande parallelle sesjonar

Fordelt på to seminardagar blei det gjennomført ei rekke spennande parallelle sesjonar der ny og igangverande forsking blei presentert og diskutert.

Eit breitt spekter av tema skapte stor interesse blant deltakarane, blant anna rolla til fastlegen som portvaktar, ny forsking på sjukefråvær, aldersdiskriminering i arbeidslivet, digitalisering av velferdstenester og ei tillitsverdig digital velferdsforvaltning.

Trygdeforskingsseminar neste år blir arrangert i Bergen 22. og 23. oktober 2026.