Det seier instituttleiar Andre Brodtkorb ved Institutt for informasjonsteknologi ved OsloMet.

Klima- og vêrvarsling er nettopp noko av det matematisk modellering kan brukast til, og på Svalbard er det spesielle høve til å få innsikt.

OsloMet signerte i januar 2024 ein samarbeidsavtale med Universitetssenteret på Svalbard (unis.no). 

Avtalen inneber at studentane ved OsloMet kan få arktisk kompetanse ved å velja frå UNIS sine kurs på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. 

– Dette blir spesielt viktig for bachelorstudentane våre innan matematisk modellering og datavitskap, og masterstudentane i anvendt data- og informasjonsteknologi (ACIT), framhevar Brodtkorb.

– Vi ønskjer at studentane våre kan reise til UNIS i eit heilt semester og tileigne seg ekspertise i naturfaglege tema, og spesielt om Arktis og klimaendringar.

– Kursporteføljen til UNIS er unik, og nettopp det å lære om arktiske strøk og korleis klimaet påverkar verda er spesielt viktig med dei endringane som skjer med jordkloden nettopp no.

– Det å ha denne unike kunnskapen er essensielt for at vi skal kunne løyse utfordringane i framtida

– Det er imponerande å sjå kva UNIS får til med studentane sine, blant anna med eit tryggleikskurs i første veka, som dannar tette og gode band mellom studentane.

– Eg trur at eit semester på Svalbard vil gjere noko med deg for resten av livet – det å sjå klimaendringane framfor auga dine gjev eit heilt anna inntrykk eit oppslag i ei nettavis kan gje deg, avsluttar Brodtkorb.

I tillegg til moglegheiter for studentopphald, kan samarbeidet også føre til felles forskingsprosjekt, og mobilitet av tilsette.

Les meir om samarbeidet mellom OsloMet og UNIS (ansatt.oslomet.no).

Kontakt