FoUI-utvalet ved TKD skal medverke til å utvikle forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid (FoUI).
Utvalet skal fungere som rådgjevande organ for fakultetsleiinga og medverke til etablering og oppfølging av fakultetet sin forsknings-, utviklings- og innovasjonsstrategi.
FoUI-utvalet skal blant annet gjennom kontakt med utdanningsutvalet og doktorgradsutvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoUI og utdanning i alle tre syklusar: bachelor, master og ph.d.
FoUI-utvalet skal:
- ta avgjerder i saker som er delegert frå dekan til utvalet
- gje råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoUI-utvikling
- vere ein arena for å diskutere strategiske, faglege og etiske sider ved FoUI, og vurdere erfaringar og resultat
- sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn naudsynt.