Blir det meir læring av Minecraft i skulen?

Illustrasjonsbilde av gutter med hver sin laptop ved pulter i klasserom.

– Minecraft i undervisninga gir ikkje nødvendigvis meir læring. Det må skje noko i den virtuelle verda som ein kan nytta faget på, for at det skal resultera i læring for elevane, svarer Louise Mifsud, professor ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Ho har leidd forskingsprosjektet «Samfunnsfag: Minecraft i læringsomgivelser». Siv Eie, universitetslektor har òg deltatt i prosjektet.

 – Ein kan ha det gøy ved å bygga mykje forskjellig i Minecraft, men det er ikkje sikkert at det blir læring av det. Eit av dei viktigaste bidraga frå forskinga vår er nettopp korleis ein får til den faglege læringa når Minecraft blir nytta i undervisninga, seier Eie.

Minecraft i undervisninga gir ikkje nødvendigvis meir læring. Det må skje noko i den virtuelle verda som ein kan nytta faget på, for at det skal resultera i læring for elevane. – Louise Mifsud, professor ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

Lærarane må jobba med fagstoffet

– Lærarane må legge til rette for at elevane kan bruke kjelder, jobba med fagstoffet og få eit læringsutbytte, understrekar ho.  
Prosjektet har som mål å gi lærarstudentar med fordjuping i samfunnsfag kunnskap om utvalde historiske periodar ved å rekonstruere historiske miljø i Minecraft.

– Forskingsprosjektet er organisert som utforskande undervisningsaktivitet der lærarstudentar skal attskapa bygningar og utføra rollespel i ei virtuell verd, forklarer Mifsud.

Lett tilgang til Minecraft for skulane

Programmet er no ein del av Office-pakka som skulane har tilgang til. 

– Det har ført til at Minecraft er mykje lettare tilgjengeleg for lærarar og elevar i dag enn for berre nokre år sidan. Her ligg truleg ei av forklaringane på at programmet blir tatt hyppigare i bruk, seier Eie.

Både Mifsud og Eie understrekar kor viktig det er at lærarane set Minecraft inn i ein pedagogisk kontekst når dei nyttar programmet i undervisninga.

Rollespel gir læring og motivasjon

Forskarane har erfart at rollespel kan vera eit godt pedagogisk verkemiddel. Eit døme frå forskingsprosjektet er at elevane speler ut ein arbeidsdag på Hjula veveri ved Akerselva. 

Lærarane treng måtar å skapa interesse for fag på, og dei treng å ta i bruk erfaringane til elevane i undervisninga. Og nettopp av desse grunnane har Minecraft spennande potensial for læring. – Siv Eie, universitetslektor ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium.

– Minecraft fungerer på sitt beste når programmet bidrar til både læring og auka motivasjon blant elevane, seier Mifsud.

Alle lærarar treng verktøy

– Minecraft er som andre læremiddel. Kor godt det fungerer, er avhengig av læraren og at læremiddelet inngår i ein pedagogisk kontekst. Og variasjon i bruk av ulike læremiddel er den beste metoden for læring.

– Lærarane treng måtar å skapa interesse for fag på, og dei treng å ta i bruk erfaringane til elevane i undervisninga. Og nettopp av desse grunnane har Minecraft spennande potensial for læring, seier Eie.

I forskingsprosjektet erfarte forskarane at Minecraft engasjerer lærarstudentane. 

– Studentane såg at Minecraft kan bidra til å nå faglege mål, og mange oppdaga pedagogiske moglegheiter for å bruka Minecraft i eiga undervisning. I tillegg gir det eit stort rom for kreativitet, seier Mifsud.

Historisk empati

Evne til djupnelæring har ein sentral plass i læreplanen. Djupnelæring inneber mellom anna at elevane skal læra historisk empati. 

– Undervisninga skal gi elevane høve til å øva på å leve seg inn i liva til fortidas menneske. Dei skal læra om kva rammer og føresetnader desse menneska levde under. Og her har Minecraft spennande innebygde moglegheiter, understrekar Mifsud.

Elevane lærer nettvett

Med fagfornyinga vart alle læreplanar i grunnskulen og vidaregåande opplæring fornya frå og med skulestart 2020. 

– Då fekk samfunnsfagslærarar eit ekstra ansvar for å utvikla digitale evner hos elevane, mellom anna gjennom bruk av digitale læremiddel og nettvett. Og når elevane bygger i Minecraft, blir ofte nettvett aktualisert.

– Elevane må nokon gongar minnast på at det ikkje er greitt å øydelegga for andre elevar, ved å til dømes setta fyr på bygningane til andre. Å oppføra seg skikkeleg gjeld òg i Minecraft-universet, seier Eie.

Evna til kjeldekritikk og kritisk tenking blir òg relevant. 

– Ein viktig del av grunngivinga for bruk av Minecraft er at elevane skal utvikla kritisk tenking, læra samarbeid og problemløysing, seier Eie.

Verdifull refleksjon for lærarstudentane

Sjølv om lærarstudentane som ferdig utdanna lærarar ikkje ønsker å ta i bruk Minecraft i undervisninga si, har det ein verdi at dei har fått prøvd det ut. 

– Då kjenner dei godt til programmet. Dei kan prata med elevane om det og på den måten bygga relasjonar med dei.

– Studentane har reflektert over kva dei syntest fungerte, og kva kan dei gjera betre når dei skal ut i skulen. Denne refleksjonen over ulike arbeidsmetodar er veldig verdifull, avsluttar Mifsud.

Les meir om prosjektet Samfunnsfag: Minecraft i læringsomgivelser (app.cristin.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Illustrasjonsbilde av voksen kvinne og liten jente som gjemmer seg under en dyne og leser en bok i lyset fra en lommelykt.
– Barn treng eventyr og mytar

Tapar eventyr og mytar for meir moderne litteratur? Førstelektor Torgeir Haugen forklarer kvifor eventyr og mytar er viktige for barn og unge.

Lærer i klasserom med mang elever som rekker opp hånda
Dette må fremtidens lærere kunne

Godt faglig innhold på lærerutdanningen er ikke nok for å utdanne profesjonelle lærere.

To mørhårede 16-årige jenter ser sammen på mobiltelefon og smiler.
Media oppmuntrer til digital generasjonskonflikt

Media tegner et ganske skremmende bilde av barn og unges hverdagsliv på nett. Sånt kan det bli generasjonskonflikt av, mener forskere fra NOVA ved OsloMet.

Publisert: 12.05.22
Sist oppdatert: 16.05.22
Tekst: Ida Viksveen Larsen
Foto: Shutterstock