Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Korleis hindre at fleire unge hamnar på uføretrygd?

Korleis hindre at fleire unge hamnar på uføretrygd?

Talet på varig uføretrygda under 30 år er dobla sidan 2006. Kva bør gjerast?

Mann som sit på ein benk med hovudet i hendene i ein skog.

Forskningsartikkel av: Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM)

Publisert: 22.10.2018Sist oppdatert: 31.07.2024
Sonja Balci

Inkludering av unge vaksne i arbeidslivet er ei stor utfordring i Noreg, Norden og mange europeiske land. Framveksten av det kunnskaps- og tenestebaserte samfunnet har endra vilkåra for å delta i arbeidsmarknaden.

Må planleggje framtida

– Større krav til språkferdigheiter, digitale ferdigheiter, sosiale ferdigheiter og evne til å oppdatere seg fagleg, gjer at unge meir aktivt må planleggje framtida. Overgangen frå utdanning til arbeidsliv tek lengre tid, og terskelen dei skal over har vorte høgare, seier forskar Rune Halvorsen ved OsloMet.

Han kom i desember 2018 med ei ny bok om temaet Youthy, Diversity and Employment. Saman med kollega Bjørn Hvinden har han redigert ei bok som tek opp utfordringane dei nordiske landa står overfor.

– Dei som ikkje har fullført vidaregåande skule og dei som har andre problem, vil lettare kunne falle frå. Samanlikna med dei andre nordiske landa, skil Noreg seg negativt ut når det gjeld fullføringsgrad på vidaregåande skule, påpeikar Halvorsen.

Dette må gjerast

OsloMet-forskaren trekkjer fram fire tiltak for å stoppe veksten i unge uføretrygda i Noreg.

1. Universell utforming og tilrettelegging

Styresmaktene kan vidareutvikle utdannings- og kvalifiseringstiltaka slik at dei blir tilgjengelege for unge funksjonshemma og ungdom med psykiske helseproblem.

Samanfatta dreier det seg mykje om å få til ei betre utnytting, kombinasjon og samordning.

Rune Halvorsen

Det er behov for meir universell utforming og betre individuell tilrettelegging i utdanning, kurs og arbeidstrening for unge vaksne funksjonshemma.

Det er også eit spørsmål om støtteordningane i Statens lånekasse og arbeidsavklaringspengane i Nav er tilstrekkeleg fleksible for dei som treng lengre tid på å bli ferdige med utdanninga.

2. Styrke handhevinga av likestillings- og diskrimineringsloven, arbeidsmiljølova og plan- og bygningslova

Norske styresmakter kan gi meir ressursar og makt til Likestillingsombodet og Arbeidstilsynet. Dette er institusjonar som er meinte å skulle bidra til at unge funksjonshemma ikkje blir diskriminerte ved tilsetjingar og at dei ikkje mistar jobben utan sakleg grunn.

Likestillingsombodet og Arbeidstilsynet skal vere lågterskeltilbod som skal gjere det enklare for folk å få hjelp enn om dei måtte gå til domstolane for å hevde rettane sine.

3. Meir bruk av lønnstilskot

Styresmaktene kan i større grad og meir kraftfullt bidra til å skape fleire arbeidsplassar ved å gi lønnstilskot til arbeidsgivarane.

Lønnstilskot er ei ordning som skal sikre at arbeidsgivarar ikkje taper pengar på å tilsetje nokon som kanskje har litt lågare yteevne.

Samanlikna med Danmark og Sverige er bruken av lønnstilskot relativt lite utbygd i Noreg. Norske styresmakter kan også bidra med støtte til å opprette varige eller mellombelse tiltaksplassar.

4. Trekkje fram dei gode døma

I arbeidet med ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), bør styresmaktene trekkje fram bedrifter som går føre og tilset unge funksjonshemma og yngre med psykiske helseproblem, som til dømes Stormberg.

Så langt har ikkje IA-avtalen hatt synlege gevinstar for å auke andelen personar med funksjonsnedsetjingar i arbeidslivet.

– Må ta nye grep

– Oppsummert dreier det seg mye om å få til en bedre utnyttelse, kombinering og samordning av disse fire strategiene, konkluderer Halvorsen.

– Skal den norske velferdsstaten fortsette å være bærekraftig må myndighetene ta nye grep. Den aldrende befolkningen og endringer i arbeidsmarkedet vil kreve innovative løsninger for å sikre høyest mulig sysselsetting blant unge voksne.

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert på hioa.no/vitenogpraksis 17.10.2018.

Kontakt

  • Rune Halvorsen

    Rune Halvorsen

    • professor
    • +47 672 38 078
  • To personar som blir skimta utanfor ein stor glasvegg sett innanfrå i operaen i Oslo.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Arbeidsløyse er skadeleg for helsa – uansett

    Arbeidsløyse er ei openberr helsebelastning, uavhengig av kor høg eller låg arbeidsløysa er i eit land.

  • Illustrasjonsbilde av eit eldre par som ser ut mot naturen.
    • Helse og sosialt arbeid

    Dette bør du vita om demens

    Professor Birgitta Langhammer gir råd om kva som kan hindra utvikling av demens.

  • Sju menn og to kvinner i et panel med IPCC-logo i bakgrunnen
    • Forbruk, klima og miljø

    Ekspertens verdier – bør de få plass?

    Hvor går skillet mellom naturvitenskapsfolks rolle som forskere og deres rolle som eksperter i politikkutforming?

  • Stjernehimmel med nærbilde av en stor og lysende galakse
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Er planeter eller stjerner størst?

    OsloMet-forskere har undersøkt norske ungdomsskoleelevers kunnskap om grunnleggende astronomi.

  • Portrett Siv Skarstein
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Forskar bekymra for pillekultur hos ungdom

    Stadig fleire ungdommar er storforbrukarar av smertestillande piller.

  • Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
    • By, regioner og urbanitet

    Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

    Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.

Forskningsartikkel av: Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM)

Publisert: 22.10.2018Sist oppdatert: 31.07.2024
Sonja Balci

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Større krav til språkferdigheiter, digitale ferdigheiter, sosiale ferdigheiter og evne til å oppdatere seg fagleg, gjer at unge meir aktivt må planleggje framtida.

Rune Halvorsen
Portrett Rune Halvorsen