Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Vil gjera 5G sikkert

Vil gjera 5G sikkert

OsloMet-forskarar vil utvikla ein prototype av 5G, der nettet kan delast opp for å gi betre tryggleik. I dag må brukarar med høge krav til tryggleik ha eigne nett, noko som kan bli unødvendig med neste generasjons mobilnett.

To menn som jobbar framfor fire PC-skjermar på eit kontor.

Forskningsartikkel av: Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD)

Publisert: 29.08.2018Sist oppdatert: 10.07.2023
Olav Johan Øye

Eitt av måla med 5G er å bana veg for full bruk av «tingas Internett», på engelsk Internet of things, den nye store kommunikasjonsbølgja, der teknisk utstyr kan overvakast og styrast via Internett.

Overvaking og styring av lys, varme, overvakingskamera, kjøleskap, smart-TV, blodtrykksmålarar, hjarteovervakarar, bygningsautomatikk, industriautomatikk, og snart det meste du kan tenkja deg av elektronisk utstyr, blir mogleg i langt større omfang. Det kan òg bli avgjerande for utviklinga av kunstig intelligens.

Utan 5G vil mykje av tingas Internett ikkje fungera

OsloMet-forskar Boning Feng

Ulike krav til fart, forseinking, storleik på datapakkar, pålitelighet og tryggleik, gjer at nettet må delast opp for å kunna støtta alle løysingane.

OsloMet-forskarane ser nærare på dette i forskingsprosjektet SCOTT (Secure COnnested Trustable Things), som har fått tre millionar kroner frå det europeiske forskings- og innovasjonsprogrammet Horizon 2020 og Forskingsrådet, fram til 2020.

Med i prosjektet er professor II Thanh Van Do, førsteamanuensis Boning Feng, forskar Bernardo Santos, professor Paal Engelstad og overingeniør Bruno Dzogovic.

Eige 5G-nett på OsloMet

Til no har forskarane lagt fram fire publikasjonar på internasjonale konferansar, og dei har klart å laga eit lite 5G mobilnett på OsloMet som kan nyttast til samtalar og strøyming av data.

Nettet er laga av vanlege PC-ar, noko som var umogleg berre for nokre få år sidan. Då måtte du kjøpa dyrt utstyr gjerne til ein million kroner frå Ericsson eller andre leverandørar.

OsloMet sitt nett er basert på PC-ar til under 50 000 kroner utstyrte med programvare med open kjeldekode, plassert på ein eigen lab, kalla Secure 5G4IoT.

PC-ane utgjer basestasjonar med radiosendarar, og programvara er programmeirbar, slik at forskarane kan modulera signala, og velja frekvens og bane. Og utstyr knytt til internett kan koplast på.

Får nye tryggingsfortrinn

Eit fortrinn med 5G er at det har mykje kortare forseinking, såkalla «latency», enn dagens nett, og det er viktig for ein del kritiske operasjonar. Det vil òg ha mykje større dataoverføringskapasitet.

Dessutan har 5G mykje større moglegheiter for tryggleik i nettet. Det kan delast opp i virtuelle delar, såkalla «slices» eller skiver.

Når nokon har fått sin eigen del, kan ingen utanfor finna ut kva som er der, du kan ikkje hacka det, og det gjer nettet sikkert i bruk.

Fjernar behovet for separate nett

Når nettet blir delt opp, kan det brukast til ulike løysingar med ulike tryggingskrav. I dag er det nødvendig å ha separate nett viss det er spesielle krav til tryggleik. Dette gjeld til dømes det digitale nødnettet som blir brukt av nødetatane i dag.

Tenkte døme

Thanh Van Do og Boning Feng gir oss tenkte døme:

Me kan tenkja oss at politiet vil krevja topp tryggleik i sambandsutstyret sitt om dei skulle bruka 5G, medan helsetenesta vil krevja ein viss tryggleik, og internett-surfarar lite tryggleik. Og du kan tenkja deg at alle desse skal kunna bruka eit 5G mobilnett.

Det kan me få til ved å dela opp i såkalla «network-slices», som eigentleg er ulike virtuelle «private» nett innanfor 5G. Alle desse vil då vera ein del av 5G-nettet, men vil oppføra seg som om dei var eigne nett.

Då kan det til dømes lagast ein eigen «slice» for politiet, som svarer til eit eige nett for dei, med høgaste tryggleik, og eit for helsetenesta som har ei anna grad av tryggleik. Og så kan det lagast nokon som er nesten heilt opne.

Det vil ikkje vera mogleg for nokon på det opne nettet å ha tilgang til eit nett med større tryggleik.

– Ved å dela opp nettet, får du ein meir optimal bruk av det, og du klarer å styra mykje ulikt utstyr. Det kan du ikkje med dagens 4G-nett, fortel Thanh.

Ved å dela opp nettet, får du ein meir optimal bruk av det

OsloMet-forskar Thanh Van Do

I ulike media kan me sjå at 5G blir vurdert som mogleg teknologi for neste generasjons nødnett, som kan bli bore av kommersielle mobilnett, og der også tingas Internett kan bli langt viktigare.

Thanh og Boning understeker at dei ikkje har gått gjennom krava ulike brukargrupper kan tenkjast å ha til tryggleik og funksjonalitet, og kor aktuelt det er for dei å bruka virtuelle nett i 5G. Dei er opptekne av å utforska moglegheitene og komma nokre steg på vegen i å foreslå korleis nettet kan brukast.

Vil utvikla tryggingsløysing

Dei har alt laget virtuelle nett på OsloMet sitt nett, og sett at dei kan fungera som separate nett.

Tryggleiken i 5G er ikkje så godt utforska endå, heller ikkje korleis nettet best kan delast opp, og OsloMet-forskarane ønskjer å utvikla ei tryggingsløysing som er lett å implementera.

Dei vil særleg jobba med tryggleik, men ser òg at oppdeling i virtuelle nett kan tena andre praktiske formål.

– Kor mykje kan nettet delast opp?

– Det er det me ser på no. Om du deler opp for mykje, blir det for fragmentert. Det handlar om dimensjonering, men det finst ingen fasit endå. Mange faktorar er inne i biletet når dette skal vurderast, seier Thanh.

Enormt omfang på tingas Internett

Omfanget av utstyr kopla til Internett kan bli stort. Det er sju milliardar menneske i verda i dag, men det blir kanskje femti milliardar utstyrseiningar som kan koplast til Internett om ikkje så lenge.

– Vil det lønna seg å ha 5G over alt, alle stader har jo ikkje dekning med 4G i dag?

– Det er kanskje heller motsett, utan 5G vil mykje av tingas Internett ikkje fungera, svarer Boning.

– Mykje utstyr kan jo brukast ute langt frå der det er lokale datanettverk, til dømes sensorar som skal brukast i jordbruk, og som skal spreiast over store område, seier Thanh.

Stor merksemd rundt forskinga

Thanh og Boning fortel at dei har fått mykje merksemd om forskinga på internasjonale konferansar, og det har vore mykje interesse for nettet dei har klart å byggja på OsloMet, men dei har ikkje fått så mykje merksemd i Noreg endå.

Eit anna viktig mål med forskinga enn å utvikla tryggleik, er å få kompetanse i 5G, slik at fagfolka på OsloMet sjølv får god innsikt i korleis nettet verkar. Med oppdatert kompetanse kan dei lettare følgja med på kva som skjer på feltet.

Og 5G i vanleg bruk er ikkje langt unna. Forskarane reknar med at det blir kommersielt tilgjengeleg i 2020. Då kan det brukast av alle, og etter kvart erstatta dagens 4G-nett, som først og fremst er berekna på samtalar, og ikkje så mykje tingas Internett, og ikkje med dei same moglegheitene for tryggleik.

Kontakt

  • Bruno Dzogovic

    Bruno Dzogovic

    • universitetslektor
    • +47 672 38 930
  • Paal Engelstad

    Paal Engelstad

    • professor
    • +47 672 38 538
  • Boning Feng

    Boning Feng

    • Gruppeleder
    • +47 672 38 118
  • Thanh Van Do

    Thanh Van Do

    • professor
    • +47 672 38 863

Relatert forsking

  • Studenter i trapp
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Den skjulte mobbingen skolene ikke ser

    Fire av ti som blir mobbet sier at de voksne ikke visste om det.

  • Portrett Edda Stang som smiler
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd
    • Journalistikk, medier og kommunikasjon

    – Barnevernet må lytte til Facebook-protester

    OsloMet-forsker Edda Stang har forsket på Facebook-gruppene og mener de kan ha viktige innspill til barnevernspolitikken.

  • Ung mann bak skrivebord med bærbar PC, i et rom med store vinduer
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Ønsker å gjøre teori og analyse mer tilgjengelig

    Forskere bak ny bok om teori og analyse håper de kan hjelpe studenter.

  • Ung kvinne smiler mens hun ser på klær.
    • Forbruk, klima og miljø

    Unge mest skeptisk til gjenbruk

    En ny undersøkelse viser at flere unge folk ikke liker å bruke andres gamle ting.

  • Jente som støtter hodet på et bord med bøker foran seg og ser drømmende til siden.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Store karakterforskjeller mellom elever med ulik innvandrerbakgrunn

    Forskere ved OsloMet har funnet store forskjeller både i karakterer og hvor mye lekser ungdom gjør.

  • Portrett Kristian Heggebø i skinnjakke utendørs
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Solidaritet i Europa

    – Det er åpenbart at det brede lag i veldig mange europeiske land er bekymret for innvandring, sier NOVA-forsker Kristian Heggebø.

Fleire forskingsnyheiter

Forskningsartikkel av: Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD)

Publisert: 29.08.2018Sist oppdatert: 10.07.2023
Olav Johan Øye

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Fakta om 5G

5G er femte generasjons mobilnett, som kan overføra data langt raskare enn dagens mobilnett, 4G.

Det kan i langt større grad tilpassast mykje ulikt utstyr som blir kopla til internett, og behova til ulike brukargrupper gjennom oppdeling av nettet. Det gir òg større moglegheiter for tryggleik.