Minoritetsungdom i vidaregående opplæring
Dette prosjektet handlar om unge med innvandrarbakgrunn i vidaregåande opplæring. Målet er å få meir kunnskap om kvifor det er så store karakterforskjellar etter landbakgrunnen til foreldra.
Dette prosjektet handlar om unge med innvandrarbakgrunn i vidaregåande opplæring. Målet er å få meir kunnskap om kvifor det er så store karakterforskjellar etter landbakgrunnen til foreldra.
Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om kvifor det er så store karakterforskjellar etter landsbakgrunnen til foreldra. Vi undersøkjer kva som kjenneteiknar dei ulike innvandrargruppene med omsyn til sosioøkonomisk bakgrunn, kor lenge dei har budd i Noreg, kva skule dei går på, og kvar i landet dei bur.
I rapporten undersøkjer vi også om dei ulike innvandrargruppene trivst i ulik grad, og om noko av forklaringa på karakterforskjellane kan vere at dei møter skulen med ulik utdanningsdriv.
Datamaterialet er basert på Ungdata-undersøkingar gjennomført i vidaregåande opplæring i 2015–2017. Det omfattar sjølvrapporterte opplysningar frå rundt 68.000 elevar frå omlag 250 vidaregåande skular over heile landet.
I rapporten er «ungdom med innvandrarbakgrunn» definert som alle med to utanlandsfødde foreldre. Dei omfattar 14,6 prosent av alle elevane og inkluderer både dei som er fødde i Noreg og dei som har flytta til landet.