Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Skole, motivasjon, inkludering, læring og skoleglede – pilot (SMILE-P)

Skole, motivasjon, inkludering, læring og skoleglede – pilot (SMILE-P)

Prosjektet undersøker korleis elevar opplever skoleglede, motivasjon og tilhøyrsle når dei går gjennom viktige overgangar i utdanningsløpet.

Periode
15.08.2026 – 30.06.2028
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning (GFU)
Prosjektleder
  • Silje Hølland

Pilotprosjektet SMILE-P skal utvikle ny kunnskap om inkludering og utanforskap sett frå elevane sitt eige perspektiv. Samtidig skal prosjektet prøve ut forskingsmetodar som gjer det lettare å fange opp erfaringane til elevane og stemmer i forsking.

Overgangar i utdanningsløpet er periodar der elevar møter nye faglege, sosiale og organisatoriske krav. For mange går desse overgangane bra, mens andre kan oppleve usikkerheit, redusert motivasjon eller svakare tilhøyrsel i skolen. Risikoen for utanforskap og marginalisering kan auke i slike periodar, særleg i overgangane frå barneskule til ungdomsskule og frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring.

Sjølv om vi veit mykje om skoleprestasjonar, læringsmiljø og trivsel, veit vi mindre om korleis elevar sjølv opplever desse overgangane, og kva forhold dei meiner bidrar til skoleglede, motivasjon og oppleving av å høyre til. I SMILE-P ønsker vi derfor å løfte fram elevperspektivet og undersøke korleis elevar beskriv sine eigne erfaringar med skolekvardag og skoleovergangar.

Gjennom ulike forskningstilnærminger undersøker vi korleis elevar opplever motivasjon, trivsel, læringsmiljø, inkludering og tilhøyrsel i sentrale overgangar i utdanningsløpet. Samtidig utforskar vi kva for nokre metodiske og etiske erfaringar som bør takast med vidare i eit større forskingsprosjekt.

Prosjektet er finansiert gjennom OsloMets forskningssatsing Inkludering av flere barn og unge.

Prosjektdeltakere

  • Cecilie Pedersen Dalland

    Cecilie Pedersen Dalland

    • professor
    • +47 672 37 577
  • Silje Hølland

    Silje Hølland

    • førsteamanuensis
    • +47 672 35 374
Publisert: 21.08.2026Sist oppdatert: 14.09.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring