Avdelinga har ansvar for heilskapleg styring og bidrag til digitalisering på OsloMet, i samarbeid med verksemda. Avdeling for IKT har ansvar for å utvikle og modernisere IT-porteføljen, verksemdsarkitektur og effektivisere bruken av leverandørmarknaden.
Avdelinga har eit særleg ansvar for å vareta perspektiva rundt IT-tryggleik og sørgje for at IT-drifta til universitetet til kvar tid er i samsvar med gjeldande lovverk og retningslinjer.
Avdeling for IKT støttar opp under og legg til rette for digitaliseringskompetanse gjennom tverrfagleg tenesteutvikling og -metodikk og består av fire seksjonar og ein stab.



