Eva Balke sin samling er unik.
Samlinga består mellom anna av eldre tekstar frå Tyskland frå den gong Balke forska på Friedrich Fröbel, filosofen og grunnleggaren av den fyrste barnehagen i Tyskland.
Fröbel reknast som barnehagens far og la også grunnlaget for den norske barnehagen. Han la mellom anna vekt på barnet sin eigenverdi, naturen, dei estetiske faga og leiken i sine pedagogiske og filosofiske tekster.
I tillegg til litteratur frå andre, inneheld samlinga og bøker og tekstar skrive av Balke sjølv.
Hennar bok "Barnehagen. En innføring i praktisk førskolepedagogikk frå 1976" finst i fleire eksemplar i samlinga og ein sentral av grunnbok for generasjonar av barnehagelærarar.
I samlinga finst også "Småbarnspedagogikkens historie" skrive av Balke i 1995.
Det mest verdifulle er likevel Balke sine eigne notat og dokumentasjon av arbeidet ho har gjort:
- Som lærar og rektor ved Barnevernsakademiet, i arbeidet med å etablere det første hovudfaget i barnehagepedagogikk
- I arbeidet i Lærarutdanningsrådet og det internasjonale arbeidet i Verdsorganisasjonen for små barn sin oppvekst og danning (OMEP).
Samlinga har stor verdi og gjer eit viktig historisk innblikk i barnehagelærarutdanninga si utvikling.

