Midlane er lyste ut i kategorien tidleg karriere, og det er forskar Thea Bertnes Strømme som er prosjektleiar. Den norske tittelen på prosjektet er Akademiske karrierar: betydninga av sosial bakgrunn (ACCESS). 

– Eg er svært glad for at Forskingsrådet gir oss høve til å forske på dette temaet, seier ein glad Strømme. 

– Vi skal sjå på korleis rekrutteringa til akademiske karrierar varierer mellom ulike sosiale grupper, og korleis dette har utvikla seg over tid.

NOVA-direktør Guro Ødegård gratulerer Strømme og resten av prosjektteamet. 

– Det er flott å sjå at NOVA fortset å vinne gjennom med gode og relevante søknader på viktige område.

– At vi får desse midlane, gir oss høve til å styrke forskinga på eit felt som har mykje å seie for forståinga av rekruttering og mangfald i akademia, seier Ødegård.

Aukande forskjellar og endringar i sektoren

Bakgrunnen for prosjektet er blant anna aukande økonomisk ulikskap og ei internasjonal polarisering i tillit til ekspertar og institusjonar.

– Det finst mykje forsking på sosial bakgrunn i utdanningssystemet generelt, men mindre på rekrutteringa til akademia. Det gjer det særleg interessant å sjå nærmare på dette feltet, seier Strømme.

– Det har vore endringar i sektoren over tid, og vi veit lite om kva dette har hatt å seie for tilgang til akademiske posisjonar for ulike grupper. 

Prosjektet har tre delar:

  • ein komparativ studie av utviklinga i Noreg, Sverige, Danmark og Finland
  • ein studie av norske akademiske karrierar
  • ein kvasieksperimentell del som undersøker rekrutteringa til akademiske posisjonar meir direkte

Viktig kunnskap for sektoren

Prosjektet vil gi ny kunnskap om betydninga av sosial bakgrunn for tilsettingspraksisar i høgare utdanning.

– Dette er relevant for offentlegheita, for studentar og for akademikarar som ønsker å forstå eventuelle barrierar i rekrutteringa av undervisarar og forskarar, seier Strømme.

Det er eit team med forskarar frå NOVA, Institutt for samfunnsforsking, Universitetet i Oslo, Vive i Danmark, Stockholms universitet og Universitetet i Turku som skal samarbeide om å gjennomføre forskinga.

Kontakt