Kurset er i regi av Kompetanseforum Akershus, og svarar på tre sentrale samfunnsspørsmål
- Kva kompetanse treng vi for omstilling i offentleg sektor og arbeidsliv?
- Korleis kan omstillingskraft utløysast?
- Korleis styrkar vi beredskap gjennom målretta kompetansetiltak?
Deltakarane vel eitt eller to tematiske interesseområde i søknaden, det kan vere beredskapskompetanse, innovasjons- og omstillingskompetanse eller kompetansedeling.
Dei blir så med i tverrsektorielle læringsgrupper som jobbar med reelle problem frå praksisfeltet. Målet er konkrete forslag til kompetansetiltak som kan implementerast.
– Føremålet med kurset er å utvikle ny kunnskap, samstundes som vi ønskjer å bidra til meir effektiv deling på tvers, seier professor Tale Skjølsvik, fagansvarleg for kurset.
– Dette gjev den enkelte høve til å byggje kompetanse, samtidig som ein medverkar til å utvikle kompetanseøkosystem for framtida.
OsloMet har tidlegare gjennomført to runder av kurs i «Forskingsleiing i partnarskap». Kurset som det no er tilbod om fokuserer på kompetanse, men byggjer på dette arbeidet, og nyttar seg av utprøvde metodar for å skape samhandling og forståing på tvers av ulike aktørar. Sjå omtale om den allereie gjennomførte satsinga:
Faglege impulsar frå OsloMet, Kristiania og NMBU
Programmet for det nye kurset er utforma i samarbeid med fagmiljø ved OsloMet, Høyskolen Kristiania og NMBU. Deltakarane får møte blant anna
- Carl Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid, OsloMet
- Elin Børrud, professor i by- og regionplanlegging og merittert undervisar, NMBU
- Heidi Åberg, avdelingsdirektør for arbeidsliv og innovasjon, Høyskolen Kristiania
- Jens Barland, Prorektor arbeidsliv og innovasjon, Høyskolen Kristiania
- Jon Andreas Håtun, Førsteamanuensis ved Westerdals Institutt for kreativitet, fortelling og design, Høyskolen Kristiania
- Per Martin Norheim-Martinsen, dekan, NMBU
- Tale Skjølsvik, fagansvarleg for kurset, professor i teknologileiing, OsloMet
- Vera Østensen, seniorrådgjevar, Seksjon for innovasjon og samfunnsforbetringar, OsloMet
- Vigdis Johansen, avdelingsdirektør, Senter for etter- og vidareutdanning, NMBU
Undervisninga kombinerer læringsgrupper, case og panel med praktikarar, og «train-the-trainer»-grep som gjer at ferdigheitene kan takast med tilbake til eigen organisasjon.
For folk som arbeider med kompetanse- og næringsutvikling
Kurset er retta mot dei som arbeider med kompetanse- og næringsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor, og som vil byggje sterke partnarskap for etter- og vidareutdanning.
Kompetanseforum Akershus ønskjer deltakarar frå bedrifter, næringsforeiningar, klynger, inkubatorar, offentleg sektor som kommunar, fylkeskommunar, NAV, KS, universitets- og høgskulesektoren som til dømes OsloMet, Kristiania, NMBU, UiO, BI, fagskolar og frivillige organisasjonar.
I informasjon om kurset går det fram at deltakarane kan få
- ferdigheiter i å identifisere kompetansebehov og katalysere deling og utvikling
- ferdigheiter i kompetanseleiing og samhandling på tvers
- innsikt i kompetanseøkosystem og korleis dei kan mobiliserast for omstilling og beredskap
- nettverk på tvers av sektorar
- høve til å bidra til omstillingskraft i praksis
Kurset er gratis. Det består av tre inspirerande samlingar, 09:00–14:00 inkludert lunsj: OsloMet: 10. mars, NMBU: 24. mars og Kristiania: 14. april. Du må følgje alle dagane for å få kursbevis.
Deltakarane vert valde ut basert på motivasjon for å delta, og gruppesamansetnad for å sikre brei deltaking.
Fakta:
Kompetanseforum Akershus er eit tverrsektorielt samarbeid i Akershus som samlar akademia, næringsliv og offentleg sektor for å utvikle, dele og mobilisere kompetanse som støttar omstilling og innovasjon i regionen.
Det fungerer som ein møteplass og pådrivar for partnarskap, pilotprosjekt og etter- og vidareutdanning, og koplar reelle behov i verksemder og kommunar med fagmiljø ved universitet, høgskular og fagskular.
Bildet øvst i artikkelen er til illustrasjon, og er ikkje knytt til saka.