skoghytte med skogfinsk flagg utenfor

Nytt prosjekt med forfriskande endring i perspektivet på natur og berekraft

Prosjektet GREEN BLOOD: Undressing hierarchies to reduce pressure on land through Forest Finn perspectives vil gi innsikt i forholdet vårt til naturen gjennom kulturen til skogfinnane, ein av våre nasjonale minoritetar.

Prosjektet har fått 10,5 millionar frå Noregs forskingsråd som forskarprosjekt for fornying, under temaet Areal under press.

Green Blood er utvikla av Ingun Grimstad Klepp, Kate Fletcher og Lisbeth Løvbak Berg. Klepp er mangeårig professor i klede og berekraft ved SIFO, og har doktorgrad i friluftsliv med feltarbeid på Finnskogen. Kate Fletcher ved Manchester Metropolitan University forskar på klede, design og berekraft med vekt på forholdet til natur, medan Lisbeth Løvbak Berg er forskar med bakgrunn som klededesignar med vekt på berekraft.

– Det er openbart for alle som ønskjer å sjå det at vår måte å bruke naturen på er katastrofal, seier Klepp.

– Etter å ha arbeidt i mange år innafor «berekraft» blir det tydelegare og tydelegare at den politikken som utformast, ofte under overskrifta «sirkulær økonomi» ikkje leier til reduserte miljøbelastningar og ikkje byggjer på forsking.

– Grønt Blod er derfor ei forfriskande endring i perspektiv. Vi skal ikkje banke hovudet meir i den muren mot endring som kort kan kallast vekst, men forsøke å finne sporar til endring i oss sjølve, og i ein av mange kulturar med andre tradisjonar for å vere i naturen, seier ho.

Slektskap til skogfinsk kultur

Namnet Grønt blod er litt tvitydig, fortel Klepp.

– Det refererer til at vi alle er natur og ikkje berre er brukarar av natur som noko utanfor oss sjølve. Det kan også forståast som ein arv, slik blått blod er å ha adelege slektningar vil grønt blod vere slektskapet til skogsfinsk kultur. Om dette berre forståast som eit «blodsband» eller meir som alle som føler på dette slektskapet lar vi vere opent.

Ho meiner det er mykje å lære av den skogfinske kulturen.

– Det er mykje vi ikkje veit. I haust opnar eit praktfullt nytt museumsbygg for skogfinsk kultur. I prosjektet samarbeider vi med museet, og vi vil bruke dans og bevegelse, klede og sko for å opne opp for andre måtar å vere i og med naturen.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 29.09.2025 | Kjersti Lassen