Gulraiz Sharif og Krsitin Skare Orgeret foran ein plakat kor det står «OsloMet leser!. For å styrke demokratisk motstandskraft og skape felleskap.»

OsloMet les «Hør her’a!» av Gulraiz Sharif

1. september delte Universitetsbiblioteket og forskingssatsinga Eit slitesterkt demokrati ut 2 500 eksemplar av boka til studentar og tilsette. – Dette er eit kjempebra prosjekt, seier forfattar Gulraiz Sharif.

– Når vi les den same boka, håpar vi å skape leselyst, samtaler og nye møteplassar på tvers av fagmiljø, studiar og arbeidsstader, seier professor Kristin Skare Orgeret. 

Ho leier forskingssatsinga Eit slitesterkt demokrati, som står bak initiativet «OsloMet leser!», og håper flest mogleg studentar og tilsette hiv seg med og les og deltek på arrangementa utover hausen.

– Lesing kan styrke demokratiet ved å skape fellesskap og gjere det mogleg å forstå litt meir av verda frå andre sitt perspektiv. Tenk så fint om forelesarar trekker boka inn i undervisninga, om den skaper diskusjon i kantina, om det oppstår lesesirklar og vi får ein felles snakkis på tvers av ulike delar av universitetet!

Ein bibliotekar deler ut bøker til studentar på campus.

Bøkene blei rive bort i løpet av kort tid utanfor P48. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

Identitet og tilhøyrsel

I haust skal OsloMet lese «Hør her’a!» av Gulraiz Sharif.

– Vi har valt den fordi ho kombinerer humor og litterær energi med tema som identitet, tilhøyrsel, familie og samfunn. Den kan utfordre oss til å tenke over kva demokratiet vårt er, og kva det skal vere. Målet er å velje bøker som både engasjerer og inviterer til diskusjon, seier Skare Orgeret.

Då boka kom ut i 2020 blei ho ein stor suksess. Ho fekk strålande meldingar og vann og blei nominert til ei rekke prisar. 

– Og så er det ei Oslo-bok!

Ei kø av studentar og Gulraiz Sharif som signerer ei bok.

Det danna seg lang kø for å få boka signert av forfattar Gulraiz Sharif. Foto: Kristine Welde Tranås / OsloMet

– Det blir lese mindre enn før

Universitetsbiblioteket hadde 2500 bøker å dele ut 1. september, og etter eit par timar var det tomt. Forfatter Gulraiz Sharif var sjølv til stades og blei ståande og signere bok etter bok utanfor P48. 

– Dette blei ein veldig hyggeleg dag! seier han.

Sharif er begeistra for «OsloMet leser!».

– Det er eit kjempebra prosjekt. Eg synest det er veldig fint at alle les den same boka og kanskje snakkar om ho etterpå, ler litt, græt litt og deler nokre kjensler. I den tida vi lever i no, der det blir lese mindre enn før, er det ekstra positivt at OsloMet set i gang eit slikt leseprosjekt.

Sharif jobbar til dagleg som lærer og er utdanna innan samfunnsfag.

– Det er på ein måte ei samfunnsfagbok. Det er mange samfunnsfaglege tema i den, og derfor passar ho kanskje ekstra godt til det OsloMet gjer no.

Rektor Christen Krogh,  Kristin Skare Orgeret og Gulraiz Sharif snakkar saman.

Rektor Christen Krogh ville også ha boka signert av forfattaren. På bilete: Christen Krogh, Kristin Skare Orgeret og Gulraiz Sharif. Foto: Åshild Losnegard / OsloMet

Bokbad og filmframsyning

20. oktober blir det bokbad med Gulraiz Sharif. I tillegg blir det fleire arrangement knytte til boka og lesing. Og så blir det juleavslutning med visning av filmatiseringa i desember.

«OsloMet leser!» skal bli eit fast initiativ, og allereie neste semester står ei ny bok på programmet. Over tid vil både skjønnlitteratur og faglitteratur inngå i satsinga.

  • Et slitesterkt demokrati

    Denne forskningssatsingen skal utforske hvordan demokratiet kan styrkes og videreutvikles i møte med utfordringer rundt svekkede demokratiske strukturer, desinformasjon, polarisering og sviktende tillit.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte nyheiter

– Demokratiet må tole kvardagsbruk

Korleis bygger vi eit demokrati som toler konflikt og ueinigheit? Kristin Skare Orgeret leier OsloMet si forskingssatsing på eit slitesterkt demokrati.

Nærbilde av Kristin Skare Orgeret
10 forskingsprosjekt for eit slitesterkt demokrati

Ti nye forskingsprosjekt har fått tildelt småforskmiddel frå OsloMets tematiske satsing Eit slitesterkt demokrati for å bidra til auka kunnskap om kva som styrkar og svekker demokratiet.

Folk kryssaar ein fotgjengarovergang framom ein av OsloMet sine bygningar,
Nye æresdoktorar løftar fram kampen for sanning og demokrati

Britta Marakatt-Labba og Maria Ressa viser korleis både kunst og journalistikk er viktige verktøy for sannhet, ytringsfridom og eit slitesterkt demokrati.

Mara Ressa og Britta Marakatt-Labba foran ein av OsloMets bygningar.
Publisert: 02.09.2026 | Kristine Tranås