Paneldebatt  med fire delakarar som sit på kvar sin stol.

Teknologi i utdanning på dagsorden

Korleis kan teknologi og kunstig intelligens utvikle og forme utdanning? Dette var tema då OsloMet var vertskap for den internasjonale konferansen ICITL 2025.

ICITL – «International Conference on Innovative Technologies and Learning» har blitt arrangert årleg sidan 2018, og i august 2025 var turen komen til OsloMet.

Konferansen samla over 130 deltakarar frå fleire verdsdelar for å utforske korleis teknologi kan brukast for å fremje læring og utdanning.

ICITL 2025 var ikkje berre ein arena for å dele forskingsfunn, men også ei viktig plattform for internasjonalt samarbeid, nettverksbygging og innovasjon innan utdanningsteknologi.

For OsloMet gav konferansen eit unikt høve til å markere sin posisjon som eit internasjonalt orientert universitet og bidra til den globale samtalen om teknologi i utdanning.

Fokus på kunstig intelligens og teknologi i utdanning

Eitt av hovudtema for årets konferanse var kunstig intelligens (KI) og korleis denne teknologien kan integrerast i undervisning for å betre læringsopplevingar og tilpasse utdanning til individuelle behov.

Mange av bidraga handla om praktiske erfaringar og forskingsfunn knytt til bruk av generativ KI, som språkmodellar og adaptive læringssystem, i undervisningssamanhengar.

Konferansen inkluderte også ein paneldebatt om generativ KI, der forskarar og pedagogar diskuterte moglegheiter og utfordringar med å bruke slik teknologi i utdanning. Her vart det stilt spørsmål om etiske perspektiv, som datasikkerheit og akademisk integritet, og korleis ein best kan balansere innovasjon med verdiane i utdanning.

Ifølgje førstelektor Tengel Aas Sandtrø, som saman med professor Frode Eika Sandnes stod i spissen for å arrangere konferansen, gav samtalane på konferansen deltakarane innsikt i korleis ulike delar av verda nærmar seg teknologi i utdanning:

– Eg synest det var verdifullt å få høyre korleis forskarar frå andre land, som Sør-Afrika og Malaysia, tenkjer rundt KI i utdanning. Det ga eit unikt perspektiv på globale utfordringar som vi kanskje ikkje alltid har i Noreg, seier han.

Portrett av Tengel Aas Sandrø

Tengel Aas Sandtrø synest konferansen gav eit unikt perspektiv på globale utfordringar. Foto: Olav-Johan Øye

Nyttige erfaringar for OsloMet

Å vere vertskap for ICITL 2025 var nyttig for OsloMet på fleire nivå.

Frode Eika Sandnes understrekar at det å arrangere ein slik konferanse medverkar til å styrke OsloMet sin profil som eit internasjonalt orientert universitet:

– Gjennom å vere vertskap for ICITL viser vi at vi kan ta på oss store akademiske arrangement og bidra til den globale forskingsfronten. Deltakarane fekk også eit positivt inntrykk av både campus og byen, noko som kan medverke til meir samarbeid i framtida, seier han.

Konferansen gav også OsloMet sine eigne forskarar høve til å delta i den internasjonale samtalen. Fleire tilsette presenterte eigne bidrag, inkludert ein paneldebatt og forskingsarbeid knytt til teknologi i utdanning. Dette ga både fagleg synlegheit og høve til å knyte nye kontaktar.

I følgje Frode Eika Sandnes er slike erfaringar viktige for fagleg vidareutvikling:

– For oss som jobbar med forsking, gjev slike konferansar ikkje berre inspirasjon, men også konkrete mål. Når ein har ein dato å jobbe mot, blir det lettare å strukturere arbeidet og levere noko som kan styrke forskinga vår, sa han.

Portrett av Frode Eika Sandnes

Frode Eika Sandnes framheva at det er ofte mellom presentasjonane og i pausane at dei viktigaste samtalane oppstår. Det er ofte desse tilfeldige møta som fører til nye idear og samarbeid. Foto: Sonja Balci

Inkluderande internasjonal nettverksbygging

ICITL 2025 samla som sagt deltakarar frå fleire verdsdelar, inkludert Europa, Afrika og Asia. Særleg mange deltakarar kom frå Søraust-Asia, der land som Taiwan, Malaysia og Thailand var godt representert.

For mange av deltakarane frå desse områda, spesielt dei som er tidleg i karrieren som t.d. ph.d.-studentar,  var dette deira første møte med eit internasjonalt akademisk miljø utanfor deira eigen region.

Frode Eika Sandnes la merke til korleis konferansen fungerte som ein inkluderande arena:

– Vi såg at fleire av deltakarane, spesielt dei som er tidleg i forskarkarrieren sin, fekk eit unikt høve til å presentere arbeidet sitt og få direkte tilbakemelding frå eit internasjonalt publikum. Dette er ei erfaring som kan vere avgjerande for den vidare utviklinga deira, seier han han.

Tengel Aas Sandtrø legg til at det var mange oppklarande spørsmål frå deltakarane, og at det førte til at det ofte vart interessante samtalar.

Konferansen gav også ein del av dei yngre deltakarane trening i å kommunisere på engelsk, og presentere arbeidet sitt for eit publikum utanfor Asia, der kommunikasjonen ofte er annleis enn dei er vande med, særleg for dei som er tidleg i forskarkarrieren.

Konferansen la også til rette for uformelle samtalar og nettverksbygging mellom deltakarane. Som Frode Eika Sandnes understreka, er det ofte mellom presentasjonane og i pausane at dei viktigaste samtalane oppstår:

– Det er noko heilt spesielt med å møtast fysisk. Du kan ikkje planlegge kven du kjem til å møte, og det er ofte desse tilfeldige møta som fører til nye idear og samarbeid, legg han til.

– Eg opplevde det som verdifullt møte menneske frå heile verda som har perspektiv på kva som skjer akkurat no, og på den måten få innblikk i korleis dei tenkjer i andre delar av verda.

Ein vellykka konferanse og vegen vidare

Trass i logistikkutfordringar under førebuinga, inkludert uventa endringar i romtilgangen på campus, vart konferansen gjennomført utan større problem. Med hjelp frå eit team av ph.d.-studentar vart arrangementet ein suksess.

Tilbakemeldingane frå deltakarane var positive, og fleire uttrykte glede over å ha fått høvet til å delta.

For OsloMet har ICITL 2025 ikkje berre medverka til å styrke universitetet sitt omdøme internasjonalt, men også vist at campusen og organisasjonen er godt rusta til å ta på seg store akademiske arrangement. 

Frode Eika Sandnes oppmodar andre tilsette ved OsloMet til å vurdere liknande initiativ i framtida:  

– Denne typen konferansar er ikkje berre viktige for forskingsformidling, men også for å posisjonere OsloMet som ein internasjonal aktør. Eg håpar fleire ser verdien i å invitere verda til Oslo, seier han.

– Det kan nok verke som Oslo ligg litt i periferien, men vi har gode flysamband og ein campus midt i sentrum. Mange av gjestane våre sette pris på moglegheita til å utforske Oslo og ta med seg familie for å oppleve meir av Noreg. Dette senkar terskelen for at fleire kan kome tilbake eller anbefale Oslo til kollegaer, legg Tengel Aas Sandtrø til.

Neste års ICITL-konferanse er planlagt i Ljubljana, Slovenia. For deltakarane som reiser dit, vil konferansen igjen fungere som ein milepæl for å utvikle og dele ny kunnskap innan teknologi og læring.

På spørsmål om OsloMet har planar om å arrangere liknande arrangement i framtida, svarar Frode Eika Sandnes:

– Det er ingen konkrete planar akkurat no, men eg håpar vi kan byggje vidare på erfaringane frå ICITL 2025. Det å samle forskarar frå heile verda for å dele innsikt og idear er noko vi bør gjere meir av.

Med ICITL 2025 har OsloMet vist at konferansar av denne typen ikkje berre handlar om forsking og faglege bidrag, men også om å skape eit miljø der idear kan blomstre, samarbeid kan oppstå, og globale perspektiv kan møtast.

Biletet øvst i artikkelen er frå paneldebatten, der dosent Helge Høivik frå OsloMet held innlegg.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 19.08.2025 | Olav-Johan Øye