– Vi har utfordringar med studentar som ikkje møter opp, og studentar som ikkje les pensum. I tillegg aukar stadig talet pÃ¥ tilretteleggingssøknader, seier professor Gerd Berget ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag.Â
– Samtidig ser vi at om vi gjer nokre grep for å universelt utforme emna, fjernar vi fleire snubletrådar. Da kan vi både bidra til auka gjennomstrøyming i utdanningane og redusere behovet for tilrettelegging, seier Ragnhild By, seniorrådgivar i Avdeling for utdanning.
Mindre behov for tilretteleggingÂ
Saman har Berget og By laga ein rettleiar for universell utforming av emne i høgare utdanning, med midlar frÃ¥ Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).Â
– Universell utforming handlar om at flest mogleg skal kunne bruke dei same omgivnadene eller tenestene utan Ã¥ ha behov for spesielle tilpassingar, forklarer Berget.Â
– Studentane har i utgangspunktet eit lovfesta krav på tilrettelegging, men det blir mindre behov for tilrettelegging om emnet er så universelt utforma som mogleg.
Lagar snubletrådar utan å vite det
Berget seier at undervisarar kan lage snubletrÃ¥dar utan Ã¥ vite det sjølv.Â
– For eksempel kan vi lage arbeidskrav som er snevrare formulert enn nødvendig, slik at det ikkje er rom for fleksibilitet. Det kan auke talet pÃ¥ tilretteleggingssøknader. I tillegg kan nokre undervisningsformer gjere det unødvendig vanskeleg for enkelte studentar.Â
– Vi mÃ¥ hugse at menneske lærer pÃ¥ ulike mÃ¥tar, og det er viktig Ã¥ bli kjent med studentane for Ã¥ forstÃ¥ kva utfordringar dei har.Â
Ferdigheiter varierer gjennom livetÂ
Berget trur mange først og fremst tenker pÃ¥ utforminga av dei fysiske forholda nÃ¥r dei høyrer omgrepet universell utforming, men det handlar om Ã¥ legge til rette for alle typar brukarar.Â
Rettleiaren bygger mellom anna på «situated abilities». Det er tanken om at ferdigheiter ikkje er noko ein enten har eller ikkje har.Â
– Konsentrasjonsevna vÃ¥r varierer med situasjon og kontekst. Om du er sjuk, har smÃ¥ barn som held deg vaken, gÃ¥r gjennom ei skilsmisse eller har mista nokon, sÃ¥ kan du i periodar oppleve mange av dei same utfordringane med konsentrasjonen som ein student med ADHD gjer, forklarer Berget.Â
Med andre ord vil tiltak som hjelper studentar med ADHD eller dysleksi, ogsÃ¥ komme andre studentar til gode.Â
– Vi prøver å vise at studentane lever liva sine samtidig som dei studerer. Derfor må vi ta omsyn til at ferdigheiter varierer med situasjonen folk står i, seier Berget.
Vil spreie kunnskapen
By er involvert i kvalitetsarbeidet for utdanningane ved OsloMet. Frå tidlegare har ho erfaring med tilretteleggingssaker og veit kva utfordringar studentar kan støyte på når dei studerer.
Berget underviser i universell utforming og har testa ein del ulike grep i undervisninga si. Ho har ogsÃ¥ halde fleire foredrag om universell utforming i høgare utdanning for folk i sektoren.Â
Da By så utlysinga frå HK-dir om midlar til kompetansehevingsprogrammet for universell utforming, tenkte ho med ein gong på sin tidlegare kollega Gerd Berget.
– Når vi først har ein undervisar som har utforma eigne emne i tråd med prinsippa for universell utforming, og med gode resultat, tenkte eg at hennar kunnskap og måte å jobbe på må gjerast kjent for fleire, seier By.
– Eg har fÃ¥tt mange tilbakemeldingar om at ein rettleiar med konkrete rÃ¥d og eksempel vil vere nyttig, seier Berget.Â
Hjelp til Ã¥ fÃ¥ fleire til Ã¥ lese pensumÂ
I rettleiaren gir dei rÃ¥d om blant anna emnestruktur, emneplanar og arbeidskrav. Dei beskriv ogsÃ¥ konkrete grep som kan fÃ¥ fleire studentar til Ã¥ lese pensum og gjere det lettare Ã¥ følgje undervisninga. Â
Eit av grepa Berget trekker fram, er leserettleiingar til pensum. Der fÃ¥r studentane hjelp til Ã¥ forstÃ¥ kva dei bør sjÃ¥ etter i teksten og kva spørsmÃ¥l dei kan ha i bakhovudet medan dei les.Â
– Studentane gir tilbakemeldingar om at dei oftare les pensum. Dei seier ogsÃ¥ at det blir lettare Ã¥ komme pÃ¥ forelesingane, fordi dei veit kva som skal skje der.Â
Siste del av rettleiaren er ei sjekkliste som oppsummerer alle temaa, og som undervisarar kan bruke for Ã¥ vurdere om dei kan gjere nytte av dei konkrete rÃ¥da.Â
Samarbeid mellom fagleg tilsette og studieadministrasjon
MÃ¥lgruppa for rettleiaren er bÃ¥de undervisarar, emneansvarlege, studieprogramleiarar og tilsette i studieadministrasjonen.Â
By understrekar at samarbeidet mellom desse er viktig. Studieadministrasjonen handterer tilretteleggingssaker, og veit oftast kva utfordringar studentane har. Ho håper  studieprogramleiarar kan ta ansvar for å løfte universell utforming inn i diskusjonane på fagmøta på studieprogramma, og særleg inn i arbeidet med å opprette nye og revidere gamle emne.
– Om vi for eksempel skal sikre hensiktsmessig variasjon i undervisnings- og vurderingsformer pÃ¥ programnivÃ¥, mÃ¥ vi snakke saman pÃ¥ tvers.Â




