Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Kva kjenneteiknar dei transspråklege praksisane til barnehagen i arbeidet med fleirspråklege barn i alder 3–5 år?

Kva kjenneteiknar dei transspråklege praksisane til barnehagen i arbeidet med fleirspråklege barn i alder 3–5 år?

Ph.d.-prosjekt retta mot å forstå korleis barnehagar skaper moglegheiter for barn til å bruke morsmålet sitt.

Periode
01.09.2025 – 31.08.2028
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)
Prosjektleder
  • Sviatlana Kharkevich

I dette doktorgradsprosjektet undersøker eg dei transspråklege praksisane til barnehagen med fleirspråklege barn i alderen 3–5 år. Meir spesifikt ser eg på korleis det blir lagt til rette for at barna får møte morsmåla sine, korleis barnehagen bruker den fleirspråklege kompetansen til personalet som ein ressurs i språkstimuleringsarbeidet, og korleis eventuelle språkbarrierar blir handterte.

Bakgrunn

Sjølv om barnehagane blir kjenneteikna av språkleg mangfald både hos barn og hos barnehagepersonale, viser forsking at det er lite fokus på barns morsmål som ressurs, den fleirspråklege kompetansen til barnehagetilsette blir først og fremst brukt i samband med spesielle høve som FN-dagen og at dei transspråklege praksisane til barnehagen blir kjenneteikna av pedagogiske og ideologiske utfordringar.

Utfordringane handlar om blant anna korleis barnehagane både jab styrke barns morsmål og utvikling av majoritetsspråket, korleis det pedagogiske arbeidet skal organiserast slik at bruk av morsmål ikkje ekskluderer barna med eit anna språkleg bakgrunn eller korleis ein skal støtte barns morsmål viss personalet ikkje snakkar same språk.

Metode

For å undersøke dei transspråklege praksisane til barnehagen, skal eg gjennomføre ein komprimert etnografisk studie med deltakande observasjon og semistrukturert intervju av styrarar og pedagogiske leiarar.

Dette er eit prosjekt som består av tre delstudiar:

  • På kva måte blir det lagt til rette for at fleirspråklege barn i alderen 3–5 år møter morsmåla sine i barnehagen?
  • Korleis legg pedagogane til rette for at den fleirspråklege kompetansen til personalet blir brukt som ein ressurs i språkarbeidet med dei eldste barnehagebarna?
  • På kva måte handterer barnehagen språkbarrierar som oppstår i kommunikasjonen mellom barn og barnehagepersonale, og dessutan mellom barna?

Sviatlana Kharkevichs sine publikasjonar (nva.sikt.no)

Prosjektdeltakere

  • Nina Gram Garmann

    Nina Gram Garmann

    • professor
    • +47 672 37 021
  • Sviatlana Kharkevich

    Sviatlana Kharkevich

    • stipendiat
    • +47 672 37 316
  • Hanne Røe-Indregård

    Hanne Røe-Indregård

    • førsteamanuensis
    • +47 672 36 203

Stipendiat

Rettleiarar

Publisert: 11.11.2025Sist oppdatert: 28.08.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansatteoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Sviatlana Kharkevich

Sviatlana Kharkevich

  • stipendiat
  • +47 672 37 316
Nina Gram Garmann

Nina Gram Garmann

  • professor
  • +47 672 37 021
Hanne Røe-Indregård

Hanne Røe-Indregård

  • førsteamanuensis
  • +47 672 36 203