Prosjektet har som målsetting å oppdatere og utdjupe kunnskapen vi har om deltaking i idrett og fysisk aktivitet og opplevingar med idretten blant barn og unge.
Forskarane skal undersøke:
- deltaking i barneidrettane og kontroversane rundt korleis barneidretten er organisert
- konsekvensane av pandemien for idrettsdeltakinga til unge
- kva prosessar i ungdoms liv som bidrar til at ungdom bestemmer seg for å fortsette eller slutte i ungdomsidretten
- omfanget av seksuell trakassering og andre negative hendingar i ungdomsidretten
Prosjektet vil ta i bruk spørjeskjemadata frå Ungdata (ungdata.no) og Ungdata junior, og dessutan kvalitative, longitudinelle intervjudata frå undersøkinga Ungdom i endring.
Resultata vil ha relevans for politikkutforminga på idrettsfeltet retta mot barn og unge. Studien blir gjennomført med støtte frå Kulturdepartementet og er eit samarbeid med Noregs idrettshøgskole.
Studien bygger på prosjektet: Posisjonen til idretten i ungdomstida (2016-2020).
Frå 2025 fortset NOVA og NIH forskinga i prosjektet: Barn og unge i den organiserte idretten – kunnskap for ein meir inkluderande idrett.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
- Strandbu, Å. & Bakken, A. (2024). Barna og idretten. Organisering, verdier og sosial ulikhet. Norges idrettshøgskole (nih.no) (PDF)
- Bakken, A. & Strandbu, Å. (2023). Idrettsdeltakelse blant ungdom - før, under og etter koronapandemien. NOVA Rapport 4/23 (oda.oslomet.no).