English version

Berekraftig tekstil- og matforbruk

Vi forskar på forbruk av tekstil og mat og korleis marknad, politikk og verdikjede kan utviklast til det beste for forbrukarar og samfunn. Størst aktivitet har vi innan berekraft.

Med forbruk forstår vi anskaffing, bruk og avhending av varer og tenester.

Mat, klede og andre tekstil inngår i dagleglivet til alle menneske både fordi vi alle et og er påkledd, men også fordi innkjøp og anna husarbeid, som vask, vedlikehald og tillaging er arbeidsoppgåver som opptek mykje av vår tid.

Saman med bustad er dette forbruk som ikkje kan veljast bort.

Gruppa har i tillegg til forsking på mat og klede også kompetanse innan bustad, fritidsforbruk, og utstyr for sport, friluftsliv med meir.

Gruppa er ei av tre forskingsgrupper ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Kontakt oss

Laster inn ...
  • Medlemmer

    Laster inn ...
  • Meir om forskingsgruppa

    Vi ønskjer å bidra med å løyse samfunnsproblem og sikre at kunnskap om produkta, forbrukarar og forbruk inngår i diskusjon og politikk der mat og klede inngår. Dette er mellom anna:

    Berekraft

    Berekraft er det viktigaste området for forskinga vår. 

    Det omfattar diskusjonar rundt kortreist, lokal og økologisk forbruk med minimal miljøbelastning, samt merkeordningar, miljøsamanlikningar, livssyklusanalysar, levetid, haldbarheit, sløsing, kasting, overproduksjon, dyrevelferd, plast og mikroplast med meir.

    Helse og inkludering

    Sunn, god mat og tilgang på gode klede for alle i samfunnet er eit viktig mål.

    Å passe inn, bli likt, ta del i fysiske og sosiale aktivitetar føreset at vi har klede og anna utstyr og kan ta del i måltid og fellesskap rundt mat. Tekstilar og mat inngår i førebygging og behandling av sjuke. 

    Kultur og tradisjon

    Klede og mat er viktige både i ulike ritual og markeringar.

    Den lange og rike kulturhistoria vår er eit forråd til inspirasjon og fornying som kan takast i bruk. Forbruket inngår i komplekse og ofte uskrivne reglar der alder, kjønn, kulturell bakgrunn og smak speler inn.

    Marknad

    Stillinga til forbrukaren i marknaden omfattar spørsmål som forbrukarrettar, grønvasking og anna villeiande marknadsføring, prissetjing og merkeordningar.

    Utvikling av alternative distribusjonsformer og lokale løysingar, ofte utanfor den ordinære marknaden inngår, også i forskinga vår.

    Vi er altså opptekne av stillinga til forbrukarane i marknader for tekstil og mat.

    Produksjon og produktutvikling

    Arbeid med samarbeid i verdikjeda og utvikling av produkt der bruk og brukaren blir teken meir på alvor. 

    Politikk

    Vi arbeider med utvikling av politikk der kunnskapen om forbruk blir teke på alvor og som sikrar forbrukars rettar.

    Arbeidet omfattar utvikling av politiske verkemiddel, målsetjingar og indikatorar på å oppnå ønskt effekt.