English version

Berekraftige europeiske velferdssamfunn: Nye samanhengar mellom velferds- og klimapolitikk

Korleis kan politikarar og forskarar handtere spørsmål om berekraftig velferd, klima og miljø på ein samordna måte på tvers av vanlegvis skilde politikk- og forskingsområde?

Velferdsreformer står på dagsorden i dei fleste europeiske land. Endringar er nødvendige for å sikre den framtidige berekrafta i velferdsstaten. Det er alminneleg erkjent at aldrande befolkningar set sosiale sikringsordningar (t.d. alderspensjonar) og tenester (særleg tilknytt helse og omsorg) under press. Likevel er det frå politikarars og ekspertars side som regel uklart kva dei meiner det vil krevje å skape berekraftige velferdssamfunn.

Samtidig, og sjølv om vi veit at miljø- og klimaendringar i stadig større grad påverkar menneske og samfunn, har det vore gjord lite forsking på kva betydning slike endringar har – og vil ha – for rike og velutvikla velferdssamfunn. 

Formålet med prosjektet er å byrje å fylle dette kunnskapsholet ved å spørje korleis politikarar og forskarar kan handtere spørsmål om berekraftig velferd, klima og miljø på ein samordna måte på tvers av vanlegvis skilde politikk- og forskingsområde.

Sjå lista over publikasjonar frå prosjektet (prosjektbanken.forskningsradet.no).

  • Meir om prosjektet

    Forskarar ved forskingsinstitutta NOVA og CICERO (Noreg), Lunds Universitet (Sverige), Universitetet i Milano (Italia) og Austerrikes Vitenskapsakademi samarbeider om tre tematiske arbeidspakkar (AP), og dessutan ein samanfattande analyse:

    • AP1 spør korleis forståinga vår av berekrafta til velferdssamfunnet blir endra og blir utvida når vi inkluderer vilkåra for berekraftig miljø og klima. Omgrepet «berekraft» står i sentrum, og eit viktig utgangspunkt for arbeidet er litteraturen om «berekraftig utvikling».
    • På grunnlag av data frå internasjonale spørjeundersøkingar samanliknar AP2 korleis forholdet mellom haldningar til velferdsstaten og dens rolle på den eine sida og til klima- og miljøspørsmål på den andre, er under endring. Eit sentralt spørsmål er om haldningar til desse temaa er i ferd med å bli meir like eller ulike på tvers av land.
    • I AP3 utfører vi fire case-studiar (Noreg, Italia, Tyskland, Storbritannia) for å kunne samanlikne korleis tre ulike departement (sosial, finans og miljø) i kvart av landa samarbeider om å skape berekraftige samfunn – både ut frå eit miljø- og klimaperspektiv og frå eit velferdsperspektiv.
    • AP4 samanfattar funna frå dei tre delstudiane og siktar mot å svare på den overordna problemstillinga for prosjektet ved å trekkje linjer og slutningar på tvers av arbeidspakkane.
  • Prosjektdeltakarar

    • Bjørn Hvinden
    • Marianne Takle
    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    • Cicero senter for klimaforskning
    • Vienna institute of Demography, Austrian academy of science
    • Socialhögskolan , Lunds Universitet
    • Universita di Milano