English version

Sosial ulikskap i aldring (SiA)

Dette prosjektet vil undersøkje kva som påverkar sosial ulikskap i helse, og korleis ulik organisering av helse- og omsorgstenester kan bidra til sosial ulikskap i aldring.

«Social Inequalities in Ageing» (Sia) – er eitt av fem prosjekt som fekk tilslag då Nordforsk lyste ut midlar innan temaet ujamn fordeling av helse og velferd.

Prosjektet skal ta for seg to tett samanhengande hovudområde. For det første vil prosjektet kartleggje faktorar som påverkar sosial ulikskap i helse og funksjon frå midt i livet og oppover, inklusiv dei aller eldste. For det andre vil prosjektet sjå nærare på velferdsreformer i dei nordiske landa  dei siste 20 år og utforske korleis reformer innanfor helse- og omsorgstenester kan ha bidrege til nye sosiale ulikskapar i aldring.

Det som særleg skil prosjektet frå anna forsking på dette området, er det sterke fokuset på betydning av sosial ulikskap, ikkje berre sosioøkonomisk, men også ulikskap knytt til kjønn og etnisitet.

Prosjektet blir leidd av professor Johan Fritzell frå Aging Research Centre (ARC) ved Karolinska instituttet i Stockholm og er eit samarbeid mellom forskarar frå Danmark, Finland, Island og Noreg.

Maja Weems Grøtting er doktorgradsstipendiat på prosjektet ved NOVA.

Marijke Veenstra er NOVAs prosjektleiar.