Konferansen blir arrangert i samarbeid med Rosa kompetanse i Foreningen FRI, Likestillingssenteret og Likestillingssenteret KUN og går over to dagar.
Korleis skaper vi ein barnehage der alle barn og familiar kjenner seg sett, representerte og trygge?
Gjennom faglege innlegg, panelsamtaler og konkrete ressursar får du innsikt i skeivt foreldreskap, førebygging av rasisme, rolla til barnelitteraturen, og korleis snakke med barn om mangfald på ein trygg og alderssensitiv måte.
På andre del av konferansen inviterer vi tilsette i barnehager som ønsker å styrke rolla til barnehagen som brubyggar – for barn, foreldre og lokalsamfunnet til ein samtale.
Program for første dag 3. juni 2026
Program
- 08.30: Registrering.
- 09.00: Prosjektleiar Linn Yttervik ønsker velkommen.
- 09.15: Skeivt foreldreskap. Silje Mathisen frå Likestillingssenteret presenterer funn frå prosjektet.
- 09.45: Pause.
- 10.00: Panelsamtale om representasjon i barnelitteratur. Er norsk barnelitteratur mangfaldig? Kvifor er representasjon viktig i barnelitteratur? Deltakarar:
- Marie Tomičić frå Olika forlag.
- Ingeborg Sivertsen Landfald frå Barnebokinstituttet.
- forfattar Mariko Miyata-Jancey frå Mieko Danser.
- Sonja Dalseth frå Måken forlag.
- Jasdeep Singh Kalirai frå Litteraturhuset.
- Samtala blir leidd av Nina Bahar, barnebokforfattar, skribent og samfunnsdebattant.
- 11.00: Pause.
- 11.15: Likestillingssenteret KUN presenterer rasismerettleiaren sin for barnehagar.
- 12.00: Lunsj.
- 12.45: Minoritetsstress og mangfaldskompetanse i møte med barn og unge. Winnie Nyheim-Jomisko, psykologspesialist og foredragshaldar.
- 13.45: Pause.
- 14.00: Panelsamtale: Kva er pride i barnehagen? Barnehagen som brubyggar. Perspektiver frå barnehagesektoren, studentar, barnehagelærarutdanning og skeive aktørar.
Samtala blir leidd av Linn Yttervik frå Rosa kompetanse. - 14.50: Avslutning.
Kontakt
- Linn Yttervik i Foreningen Fri: linn@foreningenfri.no
Sjå også
Arrangementet på Facebook: Ein mangfaldig barnehage – dag 2 (facebook.com).